Gummi frå kunstgrasbaner havnar i havet

Frå denne kunstgrasbana i Molde forsvinn truleg store mengder gummi med snø og overvatn.
Frå denne kunstgrasbana i Molde forsvinn truleg store mengder gummi med snø og overvatn.

Ein ny rapport viser at gummigranulat frå kunstgrasbaner kan vere ei stor kjelda til mikroplast i norske fjordar. Tiltak for å hindre tap av gummipartiklar frå slike baner kan vere eit av dei enklaste tiltaka for å redusere mikroplast i havet.

Havet og kysten vår blir forsøpla av store mengder menneskeskapt avfall. Gjenstandar av plast, gummi og andre lite nedbrytbare material kan bli verande i miljøet i hundrevis av år og skade dyr og menneske.

Miljømyndigheitene har samla mykje kunnskap om marin forsøpling for å finne ut kva for kjelder som er viktigast og kva for tiltak som bør settast i verk for å redusere problema. I ein rapport laga av Mepex i 2015 kjem det fram at tap av gummigranulat frå kunstgrasbaner kan gje opphav til om lag 1500 tonn mikroplast i året, men det er ikkje kjend kor mykje av dette som havnar i ferskvatn eller i havet.

I løpet av dei siste femten åra har talet på baner med kunstgras i Noreg auka frå om lag 100 til over 1000. Det gummigranulatet som nyttast på banene er i hovudsak laga av gamle bildekk. Kvar av banene inneheld om lag 100 tonn gummigranulat og må etterfyllast med inntil 10 tonn i året, for å erstatte det som går tapt ved snørydding og avrenning eller ved at det festar seg til sko og klede.

Dersom estimata til Mepex viser seg å vere rett, betyr det at kunstgrasbaner er den nest største landbaserte kjelda til mikroplast etter bildekk, som gjev opphav til om lag 4500 tonn i året.

- Vi har sett mange tilfelle av uforsvarleg handtering av gummigranulat ved kunstgrasbaner i Møre og Romsdal, seier fagsjef Anne Melbø hos Fylkesmannen. – Sjølv nybygde baner er ikkje konstruerte for å halde på granulatet og rutinar ved t.d. snørydding er dårlege. Eigarane har ansvaret for å hindre at deira anlegg bidreg til forsøpling. Her kan rimelege tiltak gi stor effekt, seier Melbø. Fagsjef Anne Melbø

Andre kjelder til mikroplastforureining

Rapporten om mikroplast konkluderer med at dei aller største mengdene frå landbaserte kjelder stammer frå bildekkslitasje, deretter kjem maling og anna avfall frå vedlikehald av skip og fritidsbåtar, samt tap av mikroplast ved produksjon av plast og maling og i samanheng med vedlikehald av bygg og vegar.

Ei vesentleg kjelde til mikroplast i havet er større plastbitar som gradvis fragmenterast og slitast opp til mindre og mindre delar. Å berekne storleiken til denne kjelda er vanskeleg sidan det ikkje er kjend kor mykje plastavfall som finnast i norske havområde eller kor fort dette brytast ned.

På grunnlag av kostnadseffektivitet og kor lette dei er å gjennomføre, anbefaler Mepex-rapporten følgjande tiltak mot mikroplast:

  • Betre design og sikring av kunstgrasbaner for å unngå tap av gummigranulat og kunstgras
  • Betre vasking av vegar for å samle opp støv frå bildekk og vegmaling
  • Kontroll med støv og utslepp ved arbeid med maling og vedlikehald, både av båtar og andre konstruksjonar
  • Betre design og produksjonsmetodar for syntetiske tekstiler, og også bruk av meir effektive lofiltre på vaskemaskinar
  • Utfasing av mikroplast i kosmetikk og reduksjon av utslepp av granulat frå plastbransjen
  • Fokus på overvaking og reduksjon av mikroplastutslepp i løyve til industrien

Miljømyndighetene kjem til å vurdere dei ulike tiltaka Mepex anbefaler og nytte rapporten deira som eit grunnlag for å utarbeide nasjonale anbefalingar av tiltak og virkemiddel mot mikroplast. Dette arbeidet skal vere ferdig i løpet av 2016.

Kontaktpersoner

Kunstgrasbaner – ansvaret ligg hos eigaren.

Dei som har ansvaret for kunstgrasbaner må gå gjennom rutinane sine og sjølv vurdere korleis dei best kan redusere utsleppa.

Granulat som blir samla saman er avfall som må leverast til næraste mottak. Alternativt kan granulatet nyttast opp at på bana. Dumping av granulat i naturen er eit alvorleg lovbrot.

Kva er mikroplast?

 Plastfragmenter og mikroplast i tangvoll

- Plastbitar som er mindre enn fem millimeter.

- Blir produsert og tilsett i produkt, eller oppstår på grunn av slitasje ved bruk, eller når større plastavfall over tid delast opp i mindre biter i havet.

- Dyr kan tru at plastbitane er mat og få indre skader og fordøyelsesproblem.

- Bitane kan innehalde helse- og miljøskadelege stoff og binde til seg miljøgifter som blir med inn i næringskjeda.

- Plast treng særs lang tid på å brytast ned, i motsetnad til papir og matavfall.

- Kvart år blir det globalt produsert ca. 300 millioner tonn plast - og produksjonen er aukande.

- Plast utgjer rundt 75 prosent av alt marint avfall.

Søppel som skadar havet er eit stort miljøproblem. Men DU kan gjere noko med det!

 

- Hald rede på avfall og gjenstandar slik at dei ikkje havnar i naturen, både privat og i jobben din. Det er òg lov å minne naboen  på at alle har eit ansvar.

- Rydd søppel som ligg i naturen. Mange stader blir rydding av strandsona organisert av lag og foreningar. Du kan òg ta initiativ til slik rydding og lokale verksemder bør bidra til å halde nærområdet ryddig.

- Ver ein bevisst forbrukar. Velg kosmetikk og tannkrem utan mikroplast og vask ikkje klede av mikrofiber oftare enn naudsynt.