Godkjenning av avfallsplanar

Dette biletet frå Smøla viser kvifor det er viktig med mottaksordningar for avfall frå skip. Slik ser det ut på stranda mange plassar.
Dette biletet frå Smøla viser kvifor det er viktig med mottaksordningar for avfall frå skip. Slik ser det ut på stranda mange plassar.

Fylkesmannen i Møre og Romsdal etterlyser avfallsplanar frå mange hamner i fylket som framleis ikkje har levert. På denne sida viser vi kva som skal til for å lage ein plan som kan godkjennast.

Hamna sitt ansvar

Hamna har ansvar for å ha ein godkjend avfallsplan. Mange hamner i Møre og Romsdal manglar framleis dette.

Vi oppmodar alle hamner som ikkje har godkjend plan allereie om å sende inn til oss så snart som mogleg.

Dersom det er naudsynt, kan miljømyndigheita nytte tvangsmulkt som verkemiddel for å få inn planar.

Kva må vere med i planen?

Forureiningsforskrifta kapittel 20 sett rammene for korleis planen skal vere.

For at det skal vere lettare å lage ein god plan, har Miljødirektoratet utarbeida ein eigen rettleiar (M-714/2017) for avfallsplanar.

Du finn både forskrifta og rettleiaren ved å følgje lenkjene til høgre på denne sida.

Til sist i rettleiaren finn du ei sjekkliste som viser punktvis kva som må vere med i planen for at vi skal kunne godkjenne den.

Godkjenning

Planane skal godkjennast av Fylkesmannen kvart tredje år.

Når vi går gjennom planane, nyttar vi sjekklista for å kontrollere at alle punkt er dekka av planen. Dersom dei ikkje er det, kan vi heller ikkje godkjenne planen. Merk at dei fleste punkta på lista er obligatoriske.

Planen må forklare korleis ulike typar avfall blir handtert. Det er viktig at den også gjev litt generell informasjon om hamna, som lokalisering, storleik og aktivitetsnivå. I tillegg må planen skildre kommunikasjonsprosessen mellom båt og hamn ved mottak av avfall, og den må vise korleis båtane kan finne informasjon om hamnas mottaksordningar og eventuelt melde ifrå om avvik eller utilstrekkeleg ordning. Gebyrsystemet må også skildrast.

NB! Nokre av punkta i sjekklista kan synast å vere dårleg tilpassa dei minste hamnene. Det er viktig at de likevel svarar på dei etter beste evne. Vi tar omsyn til storleiken til hamna når vi vurderer planane.

Når vi godkjenner planen, sender vi eit brev til hamna med vedtak om godkjenning, og ofte nokre kommentarar så må følgjast opp til neste innsending.

Kvifor avfallsplan?

Forsøpling til havs er eit aukande nasjonalt og internasjonalt problem. Om lag 20 prosent av forsøplinga i sjøen kjem frå skip og båtar. Derfor er det viktig at hamnene har gode mottaksordningar. Når båtane lett kan bli kvitt avfallet sitt på land, blir mindre dumpa ulovleg på sjøen.

Den marine forsøplinga griser til strender og gjev problem for dyra som lev i sjøen. Søppelet kan også gjeve opphav til mikroplast, som kan føre til store miljøutfordringar i tida som kjem.

Les meir om marin forsøpling og mikroplast her:

http://www.miljostatus.no/Tema/Hav-og-kyst/Forsopling-av-havet

 


Fakta om avfallsplaner

Avfallsplanane skal godkjennast av Fylkesmannen i det fylket der hamna ligg. Ei godkjenning varer i tre år frå datoen då planen ble godkjend. Kva krav som stillast til avfallsplanane finn du i forureiningsforskrifta kapittel 20 og Miljødirektoratets rettleiar.

Dette er den norske gjennomføringa av skipsavfallsdirektivet til EU (direktiv 2000/59/EF). European Maritime Safety Agency (EMSA) fører tilsyn med korleis Noreg etterlever direktivet. Noreg ble dømt av EFTA-domstolen i 2016 for manglande oppfølging og praktisering av dette regelverket.

Har du spørsmål knytt til utarbeiding eller oppdatering og revisjon av ein avfallsplan, kan du ta kontakt med Fylkesmannen i Møre og Romsdal.