Fagdag om forureining for tilsette i kommunane

Zibigniew Nieznalski frå BIR viste korleis dei arbeider med forsøplingssaker i Bergensområdet. Ulf Lucassen og Anne Melbø frå Fylkesmannen leiar sesjonen.
Zibigniew Nieznalski frå BIR viste korleis dei arbeider med forsøplingssaker i Bergensområdet. Ulf Lucassen og Anne Melbø frå Fylkesmannen leiar sesjonen.

Den 9. november 2016 arrangerte Fylkesmannen ein fagdag i samband med Avfallsforum sin haustkonferanse på Hotel Union i Geiranger. 37 personar fordelt på 19 kommunar deltok på seminaret. Til neste år har Fylkesmannen som mål at alle kommunane blir representerte.

Hovudtema for konferansen var forsøpling, avløp og overvatn. Karen Waagø frå Miljødirektoratet kom og viste fram saksbehandlarverktøyet Miljøkommune. Ho viste fram eit godt utvikla verktøy som tar for seg alle myndigheitsområda kommunen har innanfor miljøforvalting. Ho kunne fortelje at sida er i konstant utvikling og at kommunane har alle moglegheiter til å spele inn tema og manglar dei finn på sida. Zibigniew Nieznalski frå BIR (Bergensområdets interkommunale renovasjonsselskap) viste korleis dei arbeider med forsøplingssaker i Bergensområdet. Berre på eitt år har dei fått rydda opp i mykje forsøpling gjennom tilsyn og god dialog med eigarane. Det vart gode innlegg og diskusjonar også innanfor avløp. Her er det mykje arbeid som må gjerast ute i kommunane og Fylkesmannen ynskjer å være ein god støttespelar i dette arbeidet. Alle innlegga frå dagen er tilgjengeleg til høgre på sida.

Fagdagen blei gjennomført i samarbeid med Avfallsforum Møre og Romsdal sin haustkonferanse. Deltakarane kunne velje å vere med på heile arrangementet, frå tysdag kveld til torsdag formiddag. Forumet fyller 20 år i 2016 og det var tid for tilbakeblikk. Kolbjørn Megård, tidlegare seksjonssjef hjå Fylkesmannen fortalte om oppstarten av haustkonferansen og Avfallsforum. Den aller fyrste haustkonferansen kom i stand fordi Fylkesmannen fekk midlar til å arrangere opplæring for kommunane. Denne sirkelen vart no slutta med at det i år blei arrangert ei eiga samling for kommunane. Fylkesmannen ynskjer å gjere forureiningsfagdag for kommunane til ei årleg hending og ser det som ei god løysing å ha det i samarbeid med avfallsforumet. - Neste år ynskjer vi at alle kommunar vert representerte, seier fagansvarleg Anne Melbø.