Elektronisk deklarering av farleg avfall

Farleg avfall skal deklarerast før transport. No er det et krav om at deklareringa skjer elektronisk. 

Verksemder som produserer farleg avfall har plikt til å levere dette til godkjend avfallsmottak. Før transport skal avfallet deklarerast. Frå 1. mai 2016 skal all deklarering skje elektronisk på www.avfallsdeklarering.no.

Fram til no er deklarering av farleg avfall i hovudsak gjort på papir, men frå 1. mai 2016 er det eit krav at all deklarering må gjerast elektronisk. Alle verksemder som produserer farleg avfall, må registrere verksemda sin administrator hos www.avfallsdeklarering.no.

Fylkesmennene fører tilsyn med at farleg avfall blir handtert i tråd med regelverket, mellom anna at det blir deklarert.