Brosjyre om handtering av gummigranulat på kunstgrasbaner

Fotballforbundet kjem med gode råd til eigarar av kunstgrasbaner i si brosjyre.
Fotballforbundet kjem med gode råd til eigarar av kunstgrasbaner i si brosjyre.

Gummigranulat frå kunstgrasbaner kan vere ei stor kjelda til mikroplast i norske fjordar. Tiltak for å hindre tap av gummipartiklar frå slike baner kan vere eit av dei enklaste tiltaka for å redusere mikroplast i havet. Noregs fotballforbund har laga ei brosjyre med gode råd til eigarar av slike baner.

Du finn brosjyra ved å følgje lenke til høgre på sida. Der finn du óg lenker til meir informasjon om gummigranulat frå Fylkesmannen i Møre og Romsdal og frå fotballforbundet.

Kva er mikroplast?

 Plastfragmenter og mikroplast i tangvoll

- Plastbitar som er mindre enn fem millimeter.

- Blir produsert og tilsett i produkt, eller oppstår på grunn av slitasje ved bruk, eller når større plastavfall over tid delast opp i mindre biter i havet.

- Dyr kan tru at plastbitane er mat og få indre skader og fordøyelsesproblem.

- Bitane kan innehalde helse- og miljøskadelege stoff og binde til seg miljøgifter som blir med inn i næringskjeda.

- Plast treng særs lang tid på å brytast ned, i motsetnad til papir og matavfall.

- Kvart år blir det globalt produsert ca. 300 millioner tonn plast - og produksjonen er aukande.

- Plast utgjer rundt 75 prosent av alt marint avfall.

Kontaktpersoner

Kunstgrasbaner – ansvaret ligg hos eigaren.

Dei som har ansvaret for kunstgrasbaner må gå gjennom rutinane sine og sjølv vurdere korleis dei best kan redusere utsleppa.

Granulat som blir samla saman er avfall som må leverast til næraste mottak. Alternativt kan granulatet nyttast opp at på bana. Dumping av granulat i naturen er eit alvorleg lovbrot.

Søppel som skadar havet er eit stort miljøproblem. Men DU kan gjere noko med det!

 

- Hald rede på avfall og gjenstandar slik at dei ikkje havnar i naturen, både privat og i jobben din. Det er òg lov å minne naboen  på at alle har eit ansvar.

- Rydd søppel som ligg i naturen. Mange stader blir rydding av strandsona organisert av lag og foreningar. Du kan òg ta initiativ til slik rydding og lokale verksemder bør bidra til å halde nærområdet ryddig.

- Ver ein bevisst forbrukar. Velg kosmetikk og tannkrem utan mikroplast og vask ikkje klede av mikrofiber oftare enn naudsynt.