Funn av korallar i nærleiken til oppdrettsanlegg

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har pålagt 4 oppdrettarar å kartleggje moglege førekomstar av korall i nærleiken til anlegga deira.

Illustrasjonsbilete av korallrev (Lophelia pertusa/øyekorall i to fargevariantar) frå Selligrunnen i Trøndelag. Foto: © Nils Aukan.

Illustrasjonsbilete av korallrev (Lophelia pertusa/øyekorall i to fargevariantar) frå Selligrunnen i Trøndelag. Foto: © Nils Aukan.

I akvakultursaker er Fylkesmannen mynde for utslepp, og utsleppsløyva gjevast med heimel i forureiningslova og naturmangfaldlova. I naturmangfaldlovas § 8-12 blir det mellom anna satt krav for å redusere negative påverknader på naturmangfaldet. Korallane er ei viktig brikke i naturmangfaldet på djupt vatn, og er særleg sårbare då dei veks svært sakte.

Fylkesmannen har pålagt 4 oppdrettsanlegg å kartleggje korallar innafor 1 km frå anleggja. Dei 4 anleggja er vald ut ifrå kunnskap ein har fått frå mellom anna Norges Geologiske Undersøkelse (NGU) si korallkartlegging, Havforskningsinstituttet sine undersøkingar, samt Fiskeridirektoratets intervju med lokale fiskarar. Dei aktuelle anlegga er Dryna i Midfjorden (Salmar), Sjølsvik i Tingvollfjorden (Lerøy), Setevika/Setevika Nord i Julsundet (Salmar) og Kattholmen i Freifjorden (Måsøval). Av desse er det ferdig kartlagt ved Kattholmen, Dryna og Sjølsvik (sjå rapportane til høgre på sida), medan Setevika/Setevika Nord nyleg har motteke pålegget.

Ved undersøkinga ved Kattholmen vart det funne ein god del korallskog (hornkorallar), men inga korallrev (øyekorall). Ved Dryna vart det funne hornkorallar og fleire mindre rev av øyekorall, mens det ved Sjølsvik er funne både korallskog og korallrev.

Dryna og Sjølsvik fekk krava om korallkartlegging i samband med deira søknad om auke i maksimal tillate biomasse (MTB) på anlegga. Kattholmen hadde kartlegginga som vilkår i utsleppsløyvet (frå 2013). Medan Setevika/Setevika Nord fekk kravet på bakgrunn av ny kunnskap gjennom NGU si korallkartlegging i Romsdalsfjordsystemet.

Illustrasjonsbilete av sjøbusk, risengrynkorall (hornkorallar som kan danne korallskog) og kålrabisvamp frå Skarnsundet i Trøndelag. Foto: © Nils Aukan.

Illustrasjonsbilete av sjøbusk, risengrynkorall (hornkorallar som kan danne korallskog) og kålrabisvamp frå Skarnsundet i Trøndelag. Foto: © Nils Aukan.