Samling for unge bønder 2020 skaper nettverk

Invitasjon til Samling for unge bønder med øyhopping i ytre Romsdal
Invitasjon til Samling for unge bønder med øyhopping i ytre Romsdal

Unge bønder blir inviterte til samling med øyhopping i Ytre Romsdal; Harøya, Finnøya og Gossen 7.-8. februar 2020.

Målsetting

Målet med samlinga er å etablera nettverk, både for unge etablerte bønder og for dei som er på veg inn i næringa. I tillegg vil vi gjerne bidra til å formidla relevant kunnskap om næringa, aktuelle saker, organisasjonane og det å vera ung bonde. Det blir felles buss frå Molde - mulighet for påstigning undervegs.

Kostnader: 

Deltaking er GRATIS om du er medlem i minst ein av dei organisasjonane som er arrangørar. Ektefelle/sambuar er velkomen.

Påmelding: 

Send påmelding med opplysningar om

  • namn,
  • e-postadresse og
  • mobilnr
  • stad for påstigning

innan 26. januar til more.romsdal@bondelaget.no  eller tlf 99 72 63 99. 

Førebels program:

  • Kl 10.00: Avreise med buss frå Felleskjøpet Agri, Molde. (Passar med buss frå Surnadal/Kristiansund.)
  • Mulighet for påstigning undervegs: Vestnes, Sjøholt, Digernesskiftet (Passar med buss frå Volda/Ørsta/Ålesund/Moa.) og Brattvåg.
  • Kl 12.20: Fergeavgang frå Brattvåg fergekai.
  • To gardsbesøk på Harøya: Ann Elin Harnes. Lars Petter Harnes.
  • «Frå fiskarbonde til kvalfangst og foredling av produkt frå havet». Orientering v/Ole Mindor Myklebust, Myklebust kvalprodukt.
  • Overnatting Finnøy Havstuer. Mulighet for besøk på badeland «Håp i havet».
  • Landbruksorganisasjonane presenterer aktuelle saker.
  • «Gode råd på veien» v/
  • «Ung bonde inn i framtida» v/Vegard Smenes, medlem i eierutvalg Tine Midt og styremedlem i M&R Bondelag.

Retur blir med ferje via Aukra med event gardsbesøk.

  • 15:40 Buss kjem til Molde ferjekai. (Passar med ferje til Vestnes kl 15:45 og buss vidare til
    Sjøholt/Moa/Ålesund/Ørsta/Volda.)
  • 15.45 kjem til Felleskjøpet Agri, Molde.

Detaljert program blir klart i midten av januar.

 Det er Bondelaget, Nortura, Tine, Felleskjøpet og Fylkesmannen som inviterer til ny Samling for unge bønder. Velkomne!