Tilskot til avløysing ved sjukdom m.m.

Tilskotet skal bidra til å finansiere avløysing i føretak med husdyrproduksjon eller heilårs veksthusproduksjon, når den som har næringsinntekt frå føretaket ikkje kan ta del i arbeidet grunna sjukdom mv. I onnetida frå 15. april til 1. oktober, kan tilskotet også finansiere avløysing i føretak med planteproduksjon og honningproduksjon.

Det kan ytast tilskot ved sjukdom, dødsfall, svangerskap og fødsel. Det kan og ytast tilskot ved følgje av sjuke born til sjukehus/spesialist, eller dersom barnet har ein kronisk sjukdom.

Søknaden skal sendast til kommunen på eige skjema. Dersom det er nødvendig å leie avløysar for ein lenger periode, kan føretaket søkje om fleire delutbetalingar. Søknaden må være sendt innan tre månader etter siste dag i søknadsperioden, som gjev rett til tilskot.

Merk at nye skjema er tekne i bruk frå februar 2018.


06.07.2018

Nye rutiner for avløysing ved sjukdom

Elektronisk løysing for tilskot til avløysing ved sjukdom og fødsel m.m. skal takast i bruk frå 15. august 2018, med raskare og enklare behandling.


06.02.2018

Endring i regelverk og skjema for sjukdomsavløysing

Frå januar 2018 er det nokre endringar i regelverket for avløysing ved sjukdom og fødsel m.m. På grunn av dette er også søknadsskjemaet endra.


02.02.2017

Sjukdomsavløysing - lettare å få dispensasjon

Nye retningslinjer frå Landbruks- og matdepartementet gjer det noko enklare å få dispensasjon frå kravet om at den sjukmelde må ha inntekt tilsvarande minst ½ G frå jordbruksføretaket, for å få tilskot til avløysing ved sjukdom m.m.