Tidlegpensjon for jordbrukarar

Tidlegpensjon skal bidra til å lette generasjonsovergangar i jordbruket for dei som har hatt hoveddelen av inntekta si frå jordbruk/gartneri og skogbruk. Jordbrukarar som har blitt 62 år og om har dreve med jordbruk i minst 15 år, kan motta tidlegpensjon.

For 2016 er tidlegpensjonen fastsett til 100.000 kroner per år for einbrukarpensjon og 160.000 kroner per år for tobrukarpensjon.


26.06.2019

Viktige endringar i regelverket - tidlegpensjon for jordbrukarar

Det har skjedd fleire sentrale endringar i regelverket. Mellom anna kan bønder no få utbetalt tidlegpensjon samtidig med at dei får uføretrygd, arbeidsavklaringspengar, gjenlevendepensjon, dagpengar eller avtalefesta pensjon frå NAV.