Velferdsordningar

Velferdsordningane i landbruket skal bidra til å sikre velferda for både bonden og husdyra i ulike fasar og situasjonar i livet

Avløysing ved ferie og fritid
Føretak med husdyrproduksjon kan få tilskot til utgifter til avløysing ved ferie og fritid (avløysartilskot). For å kunne få tilskot til avløysing, må føretaket disponere dyr og søkje om produksjonstilskot innan 15. mars (søknad del 1) eller 15. oktober (søknad del 2) i avløysaråret, og søkje om avløysartilskot innan 15. oktober. Utgifter kan etterregistrerast fram til 10. januar året etter, dersom det er søkt avløysartilskot i del 2. Les meir om tilskotet her.

Avløysing ved sjukdom
Tilskotet skal bidra til å finansiere avløysing i føretak med husdyrproduksjon eller heilårs veksthusproduksjon.

Tidlegpensjon Tidligpensjonsordningen skal bidra til å lette generasjonsoverganger i jordbruket for dei som har hatt hoveddelen av sine inntekter frå jordbruk/gartneri og skogbruk. Hensikta er å bidra til tidlegare generasjonsskifte, og dermed stimulere rekrutteringa.

Landbruksvikar
Landbruksvikarene skal avløse bøndene ved sykdom og i krisesituasjoner. Avløserlagene har ansvaret for at det er landbruksvikarer tilgjengelig når behovet oppstår. Kontakt det avløysarlaget som dekkjer din kommune eller landbruksforvaltninga i din kommune. Avløsarlag i Møre og Romsdal tilknytte Norske Landbrukstenester.

Sjukepengar
Sjukepengeordninga skal sørge for at jord- og skogbrukarar får utbetalt sjukepengar beregna ut frå 100 prosent av sjukepengegrunnlaget frå 17. dag av sjukmeldingsperioden. NAV forvaltar sjukepengeordninga for jord- og skogbrukarar som en del av sin vanlege sjukepengeforvaltning, og søknad må sendast til NAV. Meir om sjukepengar til næringsdrivande hos NAV.