Regionalt miljøprogram for Møre og Romsdal

Regionalt miljøprogram vart etablert frå 2005, for å kunne møte ulike miljøutfordringar i fylka med lokalt utvikla virkemidlar. Fylkesmannen utferdigar forskrift og retningslinjer i samråd med næringsorganisasjonane. Alle føretak som har rett til produksjonstilskot kan også søkje om tilskot gjennom regionalt miljøprogram. Kommunen behandlar og avgjer søknader om tilskot, og søknadsfristen er 20. august kvart år for føretak og 1. november for beitelag. Utbetaling skjer i mars.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 03.12.2012

Møre og Romsdal har store natur- og kulturlandskapsverdiar. Dette er landskap, biologisk mangfald og kulturminne, som gir grunnlag for næringsutviking og verdiskaping, oppleving, helse, trivsel og kunnskap. Fortsatt aktiv landbruksdrift er ein føresetnad for skjøtsel og vedlikehald av eit attraktivt kulturlandskap.