Mindre areal i bruk

Litt under 4 prosent av landarealet i Møre og Romsdal er jordbruksareal.  Bøndene i Møre og Romsdal disponerte eit areal på knappe 560 000 dekar ved årsskiftet 2011-2012. 456 000 dekar er fulldyrka areal. Av dette åtte dei 292 000 dekar sjølv. Tala viser ein nedgang i jordbruksareal  på om lag 50 000 dekar på ti år.

Den største avgangen av jordbruksareal skjer ved at areal i drift vert teke ut av bruk og ikkje vert vedlikehalde. Årsaker til dette kan vere at arealet er dårlig arrondert, ligg avsides til, gir dårleg avling på grunn av dårleg jordsmonn eller at jorda er vassjuk. Eit anna eksempel er beiteareal som går ut av bruk når bøndene sluttar med husdyr eller reduserer dyretalet. Kor raskt overgangen frå jordbruksareal til anna areal går, er avhengig av naturgjevne forhold som jordtype og klima. I område med godt jordsmonn og klima vil attgroing med kratt og skog starte raskt.  I praksis er desse områda tapte som produksjonsareal. Det eksisterer ikkje landsdekkande statistikk over attgroing av jordbruksareal. For å følgje blant anna denne utviklinga gjennomfører Norsk institutt for skog og landskap eit program for tilstandsovervåking og resultatkontroll i kulturlandskapet i jordbruket.

Møre og Romsdal er av dei fylka som har mest oppdelte driftseiningar. Topografien gjer at mange gardsbruk er naturleg oppdelte i fleire jordstykke, og den store andelen av leigejord som i dag vert drive av enkelte få gardsbruk gjer at driftseiningane i dag består av eit stort antal jordstykke, ofte med store avstandar mellom jord og driftssenter.

Kjelder: Statens landbruksforvaltning, Statistisk sentralbyrå, og Skog og landskap

 

 

Dokumenter