Landbruket viktig verdiskapar i Møre og Romsdal

 

Landbruket er ei viktig næring i Møre og Romsdal, både for økonomisk verdiskaping og sysselsetjing. Landbruket bidrar i tillegg med andre verdiar for samfunnet gjennom forvaltning av store arealressursar og kulturlandskapspleie, levande bygder og produksjon av mat for regionen og resten av landet. Omsetninga i jordbruket i Møre og Romsdal er utrekna til å vere knapt 2,1 mrd. kr i 2010, inkludert produksjonstilskott. Av dette er omtrent to tredelar marknadsinntekter og ein tredel produksjonstilskott. Verdiskapinga (nettoprodukt) er utrekna til 734 mill. kr i 2010, og dette er ein reduksjon frå 780 mill. kr i 2005.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 19.12.2012

Norsk institutt for landbruksøkonomisk forskning (NILF) utførte i 2005 ei kartlegging av verdiskaping og sysselsetjing i fylket, og har no utført tilsvarande utrekningar for rekneskapsåret 2010.

Sysselsetjinga i jordbruket i fylket vart utrekna av NILF til 3 983 årsverk a 1845 timar i 2005, og er redusert med ca. 21 prosent til 3 151 årsverk i 2010. Sysselsetjinga i jordbruket består av brukarfamilien sitt arbeid pluss innleigd arbeid. Statistisk sentralbyrå har rekna ut sysselsetjinga til å vere ein del større.

Mjølkeproduksjon på storfe er den dominerende driftsforma i Møre og Romsdal både målt ut frå omsetning, verdiskaping og sysselsetting. Mjølkeproduksjonen står for 1,3 mrd. kr i omsetning i 2010, 499 mill. kr i verdiskaping og ei sysselsetting på 1 814 årsverk. Mjølkeproduksjonen står for ca. 68 prosent av total verdiskaping i fylket i 2010, mot 74 prosent i 2005. Sauehaldet er nest største verdiskaperen i jordbruket i fylket. Utrekningane viser 86 mill. i verdiskaping og ei sysselsetjing på 760 årsverk i sauehaldet i 2010, og dette er ein auke frå 76 mill. og 753 årsverk i 2005.

Grunnlaget for jordbruksdrift er forskjellig i dei enkelte kommunane. Medan Fræna kommune har eit jordbruksareal på i overkant av 58 400 dekar, har Sula eit jordbruksareal på 720 dekar i 2010. Fræna er også den kommunen som oppnår høgast verdiskaping i jordbruket totalt sett med ca. 72 mill. kr i 2010, noko som er en nedgang på 8 prosent frå 2005. Fræna har også størst sysselsetjing med 282 årsverk i 2010, mot 357 årsverk i 2005, noko som tilsvarar ein nedgang på 21 prosent.