Fylkesskogsamling Gjemnes 20. - 21. februar 2019

Høgt under taket i Angviksalen
Høgt under taket i Angviksalen

Tradisjonen tro held Fylkesmannen si årlege samling i februar. I år vart samlinga lagt til ærverdige Angvik Gamle Handelssted i Gjemnes 20. til 21. februar.

For arrangørane er det gledeleg med så godt oppmøte, og med nær 40 deltakarar var så og seie alle som kan krype og gå frå næringsaktørane, kommunane, samt prosjektleiarar og aktivt- skogbruks-instruktørar på plass.

Hovudinnleiarane i år var:

  • Bjørn Helge Bjørnstad frå Skogkurs, som prata om skoggrøfting og regrøfting etter hogst, eit tema som treng auka fokus.
  • Jon Olav Brunvatne frå LMD guida oss gjennom ei framsyning av kor intrikat klimaspørsmålet- og kor innfløkte berekningane for klimagassar internasjonalt er.
  • Per Olav Rustad i Ldir hadde ein gjennomgang av nye it-system og nye løysingar for økonomi og rapportering for forvaltninga, samt utgreiing av enkelte ordningar.

Etter årsmøtet i forstmannslaget vart Svartkjeltimen lagt til ei gammal sag i Angvik, no eit museum, som eigar av hotellet, Stig Jacobsen heldt eit foredrag om. Ein solid middag litt utanom det vanlege avslutta den første dagen.

Dag to vart meir etter gammal lest med innlegg frå næringsaktørane, litt nytt blod i Nortømmer og dei meir sedvanlege innlegga om stoda i skogbruket og planane framover. Som vanleg var det gode diskusjonar, mykje nettverksbygging og triveleg lag.