Klimasatsmidlar til Ørsta kommune

(Foto: Arnold Hoddevik)

Kan ein byggje ein klimavennleg skule i tre der ein veit det er utfordringar kring skred? Eller må ein byggje eit «fort» i betong?

Dette spørsmålet stilte prosjektutviklar Ivar-Otto Kristiansen i Ørsta kommune og Tredrivar Christina Qvam Heggertveit hos Fylkesmannen i Møre og Romsdal seg, og dei tok spørsmålet med til ekspertise på trebygg ved Norges miljø- og biovitenskaplege universitet, NMBU. Proffersorane Roberto Tomasi og Anders Qvale Nyrud var tydelege, ein kan byggje eit fort i massivtre, om ein vil.

Med god støtte frå mellom anna NGI, Nasjonalt leverandørutviklingsprogram og Fylkeskommunen har Ørsta kommune bestemt seg for å satse på eit nytt barnehage- og skulebygg i massivtre. Prosjektet har høge miljø- og klimaambisjonar, dei vil gå i front og bli eit godt eksempel på at kommunane kan etterspørje klimavennlege løysingar som er klimatilpassa og tek vare på beredskapsbehov.

Til dette prosjektet har kommunen søkt om støtte frå Klimasatsordninga og denne veka fekk dei svar på søknaden.

Ørsta kommune får tildelt kr 3 000 000,- av Miljødirektoratet for si satsing «Miljøbygg barnehage og skule Sæbø, Hjørundfjorden».

Midlane frå Miljødirektoratet støttar meirkostnader ved klimavennleg materialbruk i prosjektet og utsleppsfrie løysingar. Støtta dekker inntil 75% av meirkostnadane kommunen har ved dei klimavennlege løysingane, avgrensa til kr 3 000 000,-.

Miljødirektoratet skriv følgande i tildelinga si:

«Vi har valt ut dei byggeprosjekta som står fram som særleg innovative og ambisiøse, ved at dei tek i bruk klimavennlege løysningar som er meir ambisiøse enn dagens krav og praksis, og gjer vesentlege moglegheiter for utsleppskutt. Vi har òg prioritert prosjekt som har ein målretta plan for å ta i bruk klimavennlege løysingar i bygg innanfor fleire område eller i fleire delar av byggeprosessen - til dømes i både val av byggemateriale, tekniske system, energiløysingar og transport knytt til bygget, ved oppføring og drift. Innanfor dette prioriterer vi å gje økonomisk støtte til klimavennleg materialbruk i prosjekta.

Ørsta kommune har søkt om støtte for å bygge ny barnehage og skule i massivtre, med solsceller og energibrønn. Prosjektet står fram som heilskapleg med klimaambisjonar på fleire tema, og ambisiøst ut over dagens regelverk og praksis».

Ørsta komme er med i Tredrivaren sitt nettverk for berekraftige bygg. Nettverket er laga for alle kommunar i Møre og Romsdal og formålet er å støtte kommunane i deira prosessar med å skaffe til veie bygg med låge klimagassutslepp gjennom heile bygget si levetid.

Tredrivaren er eit samarbeidsprosjekt mellom Fylkeskommunen, Innovasjon Norge og Fylkesmannen i Møre og Romsdal.