Det grøne skiftet i praksis - dialogkonferanse i Stranda

Romsdal videregående skole
Romsdal videregående skole (Foto: Christina Qvam Heggertveit)

Entreprenørar, rådgjevarar og andre leverandørar i byggebransjen var fredag 7.12. inviterte til ein dialogkonferanse, for å høyre om kommunane Ørsta, Ålesund og Stranda sine byggjeplanar for dei kommande åra. Det vart presentert planar for fem skulebygg og ein brannstasjon.

Ålesund planlegg tre nye skular, der massivtre blir vurdert som byggemateriale. I Ørsta er det behov for to nye skuler. Her er også klimatilpassing av bygga ein sentral del av problemstillinga, ettersom dei må ta høgde for sterk vind som følgje av moglege snøskred. I Geiranger i Stranda skal byggast ny brannstasjon, på ein tomt som mellom anna krev at stasjonen blir planlagt med omsyn til at dette er eit Verdsarvområde.

Felles for desse prosjekta er at dei alle har høge miljøambisjonar for låge utslepp av karbondioksid, og eit ønske om at bygga skal vere godt tilpassa klimaet i framtida. Kommunane vil nytte innkjøpskrafta si til å etterspørje klimavennlege løysingar og produkt frå leverandørar i byggjebransjen, og gjennom dette redusere klimagassutslepp frå offentlege bygg. Dei kan også stille krav om utsleppsfrie byggjeplassar, eller til og med avfallsfrie byggjeplassar, om dei vil. Dette vil dei gjere ved å ha ein dialog med bransjen, slik at leverandørane kan sørge for produkt og kompetanse som tilfredsstiller nye behov, som føl utviklinga i det grøne skiftet i kommunane. Gjennom Leverandørutveklingsprogrammet kan kommunane få støtte til å finne eigna entrepriseformar for å oppnå dei samansette måla for dei ulike byggjeprosjekta.

I fylket vårt har vi allereie gode eksempel på kva som er mogeleg  innanfor klimavennlege bygg, med mellom anna Romsdal vidaregåande skule, som vi fekk en god presentasjon av frå Per Olaf Brækkan i fylkeskommunen. Skulen er bygd i massivtre, og har fleire innovative og klimavennlege løysingar på oppvarming og ventilasjonsløysingar. Dersom det no blir bestemt at Ørsta skal få ny vidaregåande skule, vil dei bygge vidare på desse erfaringane, og det er mogleg at ambisjonane vil vere enda noko høgare.

Samlinga hadde 52 deltakarar, med entreprenørar, rådgjevarar, arkitektar og andre leverandørar i byggjebransjen, samt planleggarar frå fleire kommunar i fylket.

Arrangementet var eit samarbeid mellom kommunane Stranda, Ørsta, Ålesund, saman med Leverandørutveklingsprogrammet og Tredrivaren i Møre og Romsdal.