Skogplanting gir verdiskaping og betre klima

Trelunne etter skogsdrift på Fylling i Skodje
Trelunne etter skogsdrift på Fylling i Skodje (Foto: Arnold Hoddevik)

I Møre og Romsdal er vi no i gang med å hauste skogreisingsskogen som vart planta for å bygge landet etter krigen. Skogsareala i Møre og Romsdal er høgproduktive, og det vert henta ut mykje tømmer av god kvalitet. På få år har Møre og Romsdal blitt eit skogfylke, skogen skaper arbeidsplassar for entreprenørar, og hogsten gir verdiar til skogeigarane. Skogreisinga har derfor vore ein økonomisk suksess for skognæringa her i fylket.

Skogen i Noreg og skogbruket har ei sentral rolle i klimasamanheng. Skogane våre bind kvart år ei mengde CO₂, som utgjer halvparten av dei samla klimautsleppa i Noreg. Når produkta frå eit berekraftig norsk skogbruk erstattar olje, kol og betong, er skogproduksjon eit rimeleg og effektivt klimatiltak.

I stortingsmelding om Norsk klimapolitikk og det etterfølgjande Klimaforliket ville regjeringa bidra til auka karbonopptak, gjennom å intensivere skogproduksjonen på nye og eksisterande skogareal. Derfor har staten etablert støtteordningar for å auke aktiviteten i skogbruket. Dette er støtte til «tettare planting», gjødsling og ei satsing på planteforedling. Tre fylke har også ei prøveordning med støtte til planting på nye areal.

Enkelt forklart er det tilveksten i skogen som er avgjerande for binding av karbon gjennom den fantastiske fotosyntesen, friske og veksande tre fangar mest CO₂. Våre kulturskogar på god jord bind rundt 1500 kg CO₂pr. daa årleg berre i stammevirke. Tilsvarande tal for naturleg oppkomen lauvskog er kanskje berre ein tidel. Skog er ein fornybar ressurs, som gjennom aktiv forvaltning bidreg kontinuerleg til opptak av klimagassar.

Eit berekraftig skogbruk sikrar karbonbinding i all framtid, skogen er derfor ein viktig del av det grøne skiftet!

Skogen må fornyast etter hogst

Den som høgg skog har ei lovfesta plikt til å fornye skogen. Dette kan gjerast med å sette ut nye plantar, eller legge til rette for at ny skog skal komme opp naturleg (markbereding og frøtre). Hos oss er det særleg furua som vert forynga naturleg, gran blir planta.

Skogen må fornyast. Voks på granplaneter kan verne mot billeangrep.

Skogen må fornyast. Voks på granplaneter kan verne mot billeangrep. (Foto: Arnold Hoddevik)

Skogen må fornyast etter hogst. Voks på granplantene kan beskytte mot billeangrep. Foto: Arnold Hoddevik.

Skogbrukslova seier at skogeigaren pliktar å få opp att ny skog etter hogst, og kommunen skal følgje opp at skogeigaren faktisk fornyar skogen. Foryngingsplikta skal sikre berekraftig forvaltning av skogressursane, kvalitet på skogen, framtidige inntekter for skogeigaren og råstoff til treforedlingsindustrien. Målretta forynging er avgjerande for framtidig verdiskaping frå skogbruket. Skal vi produsere høge kvantum kvalitetsskog, må foryngingsarbeidet være skikkeleg.

Bakgrunnen for denne plikta er også at vi i tidlegare tider har hogd ut skogen utan tanke på forynging. Det er fleire eksempel frå tidlegare tider, der store areal har vorte avskoga, utan at det er tatt ansvar for å få opp ny skog. I til dømes «Hollendertida» førte tømmereksport til Holland til at store delar av kysten vart uthogd og avskoga.

Statistikk viser at ikkje alle skogeigarane oppfyller foryngingsplikta. Hogstaktiviteten har auka meir enn planteaktiviteten. Hovudregelen er at det skal foryngast med same treslag som blei avverka. I dag er kulturskogen mest ettertrakta og lønsam. Å eige ein landbrukseigedom gir eigaren «forvaltningsplikter», dyrkajord skal drivast og haldast i hevd, og skogen skal forvaltast på ein berekraftig måte.

Vi vil derfor be alle skogeigarar om å ta på alvor plikta til å plante ny skog etter hogst. Kontakt kommunen eller skogeigarlaget, for å få råd om korleis du skal få opp ny kvalitetsskog.

Lykke til med det viktige foryngingsarbeidet.

Frank Madsøy

Landbruksdirektør

Fylkesmannen i Møre og Romsdal