Markant auke i skogplantinga

Det har ikkje vore samsvar mellom auka hogstaktivitet og planteaktivitet dei siste åra. Hogsttala viser ei tredobling siste fem åra medan plantetalet ikkje har stige tilsvarande. Men i 2018 blei det planta 4 796 daa, noko som er 45 % meir enn føregåande år.

Det er planta mest i følgjande kommunar: Surnadal, Vestnes, Halsa, Rauma og Ørsta. Skogbruksaktiviteten har auka i heile fylket, noko som og vert spegla i planteaktiviteten.

Ein må attende til 1999 før ein finn tilsvarande planta areal. Det var på slutten av «skogreisingstida», medan plantinga no i hovudsak skuldast planting etter hogst av barskog.

Til saman er det sett ut om lag 1,15 millionar planter. Megarden planteskole har i hovudsak stått for sal og distribusjon av plantene. Dei produserar ikkje planter sjølv lenger. Over 97 % av plantene er gran. 85 % av plantene er utsett av profesjonelle aktørar innleigd av tømmerkjøparane (Allskog og Nortømmer), medan resten er planta av skogeigar. Det kostar i gjennomsnitt 1 400 kr for å få planta til 1 daa. I Møre og Romsdal har skogplantinga(planter og arbeid) kosta 6,66 millionar i 2018.

Vi har mange utfordringar knytt til å få opp att ny skog av god kvalitet. Det er m.a. gransnutebille, konkurrerande vegetasjon og hjortebeiting. For å unngå skadar av gransnutebilla har ein praktisert å vente tre år med planting etter hogst. Det fører naturleg nok til at auken i plantetal kjem noko seinare enn hogstauken. Det er no kome ein ny type planter som er handsama med voks for å hindre at billa gneg på borken. Dette har dels gitt gode resultat, og kan føre til at ein får plante tidlegare enn før. Da unngår ein i større grad problematikk i høve til konkurrerande vegetasjon som bringebær og lauvkratt. Nesten halvparten av dei omsette plantene er voksa. Det står framleis att noko forsking og oppfølging rundt denne plantetypen. I Ørsta/Volda er det eit mindre prosjekt kor ein følgjer utviklinga til desse plantene spesielt.

Når ein avverkar skog utløyser dette foryngingsplikt. Det vil seie plikt til å få opp att ny skog. Ved hogst av våre kulturskogfelt på god jord vil planting vere mest aktuell metode. Foryngingsplikta sikrar berekraftig forvaltning av skogressursane, kvalitet på skogen og framtidige inntekter for skogeigar. Planting er og eit viktig klimatiltak for å oppretthalde skogen si evne til å binde CO2. Det er derfor gledeleg at skogeigarane no i aukande grad sikrar framtidig skogproduksjon.

Kontaktpersoner