Nytt og spennande utstyr for bratt terreng

Nytt utstyr for skogsdrift i bratt terreng kan bidra til å minimalisere terrengskader.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 24.04.2018

Med aukande fokus på klimaendringar er det stadig fleire som er bekymra for kva resultat aukande skogsaktivitet i bratte lier kan utgjere for infrastruktur og busetting i lia.

Skogbruket sjølv er òg i utvikling, med aukande bruk av taubane, men dette er ei driftsform som ligg heilt på grensa både på kapasitet og økonomi. Store summar vert kvart år gjeve som tilskot til taubane i dei brattare liene, men meir og meir av gamalskogen blir ståande i bratt terreng. Om lag 60 % av all planta gran står i terreng definert som bratt her i fylket.

Aukande aktivitet i skogen betyr at hogstmaskinane også må opp i brattare terreng. For å få dei trygt fram, må det gravast ein del med gravemaskin. Desse driftsvegane med eksponert jord er ei aukande bekymring i ei tid der auka nedbør og auka intensitet er noko vi berre må rekne med.

Utviklinga i skogbruket står ikkje stille. Med teknologi frå Austerrike har Sunnfjord Skog no kjøpt inn vinsj av merket T-Winch, for å trekke maskinane rett opp og ned lia, såkalla «vertikaldrifter». Ein sjølvgåande vinsj køyrer først opp i lia. Med konstant, tilpassa trykk på vinsjen hjelper den skogsmaskinr eller andre maskiner til å køyre rett opp lia, og bremsar dei ned att. Dette etterlet mindre spor i terrenget. Då trengs mykje minndre eller ingen graving. Her er kanskje også økonomiske fordeler, då vinsjen fører til mindre manuell felling, mindre graving og betre og raskare handtering av kvart tre i drifta. Sunnfjord Skog meiner slik drift i bratt terreng er mykje tryggare, og gjev mindre risisko for å rase ut - mindre fare for både folk og maskiner.

Vinsjen ligg med eit konstant trykk på 4 – 8 tonn -  bremsar maskina ned lia og hjelper den opp att

Systemet er heilt nytt her til lands, så det vil nok stå att ein del utprøving og testing. Austerrikske lier har ofte ein veg høgt oppe, der vinsjen kan stå. Men våre lier berre vert brattare og brattare, jo høgare vi kjem. Vinsj av maskiner og taubane skal helst ikkje konkurrere om dei same driftene, då det fins klare skilje mellom kvar ulike typer utstyr passar best.

På ein fagdag i Stardalen i Jølster, Sogn og Fjordane fekk representantar frå Fylkesmannen i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane og Allskog sjå utstyret i drift, og vart imponerte over effektivitet og handtering. Vi ønskjer også utprøving i eige fylke, saman med bruk av til dømes lasertakst av terreng, for å finne drifter for vinsj, eller å kunne utelukka vinsj, og leggje til rette for taubane.

Lassberar på veg opp lia med lass. Her var hellinga om lag 55 %.

Alle bilde: Foto: Åsmund Asper, Fylkesmannen i Møre og Romsdal