Skogfond

Formålet med skogfond er å sikre finansiering av ei bærekraftig forvaltning av skogressursane. Skogfondet skal gje skogeigaren eit betre grunnlag for langsiktige investeringar, samt sikre viktige miljøverdiar i den skogen som virket kjem frå, eller i anna skog som skogeigaren har.

Vedtaket om skogfond er heimla i skoglova. Skogfondet består av midlar som skogeigarane pliktar å setje av ved alt sal av tømmer og biobrensel. Kvar skogeigendom har eigen fondskonto, og skogfondsmidlane er knytt til skogeigedommen.

Den delen av tømmerinntekta som vert avsett til skogfond, blir ikkje tatt til inntekt og beskatta. Inntektsføring skjer når pengane blir tatt ut att frå fondet. Det er her skattefordelen oppstår, fordi ein del av dette uttaket er skattefritt, når pengane blir brukte til formål med skattefordel. Den skattefrie delen av utbetalt skogfond er 85 %, og alle tiltak som kan dekkjast med skogfond gjev skattefordel (med unntak av meirverdiavgift).