Skogbruksplan og Miljøregistreringar

Skogbruksplanen inneheld areal,- miljø- og ressursoversikter for den einskilde eigendom, oversiktlege og lettleste kart, samt råd om korleis eigedomen bør drivast, både med tanke på økonomi og miljø. Data i skogbruksplanen blir dels henta frå tilgjengelege databaser/kart, dels ved flyfototolking og dels ved feltregistrering.

Oppdaterte skogbruksplaner med miljøregistreringar (MiS) er ein føresetnad for eit aktivt skogbruk. Skogbruksplanlegging involverer mange partar, både offentlige og private. Fylkesmannen har ansvar for å koordinere skogbruksplanprosessane som går føre seg i fylket.

Skogeigaren kan bruke skogfond med skattefordel til å dekkje utgifter til skogbruksplanlegging. Du finn meir informasjon om skogbruksplanlegging med miljøregistreringar hjå NIBIO og Landbruksdirektoratet (sjå lenkjer).