Skog og miljø

Skogbruket sitt miljøansvar omfattar omsyn til biologisk mangfald, friluftsliv, landskap og kulturverdiar. Skog og tre er ein fornybar ressurs, som har svært viktig og positiv klimaeffekt som karbonbinder og karbonlager.

Skogeigaren skal, i tråd med skogbrukslova, ha oversikt over miljøverdiar i eigen skog. Skognæringa i Noreg er i hovudsak sertifisert etter kravpunkta i Norsk PEFC  Skogstandard.

Fylkesmannen sine oppgåver knytt til skog og miljø er m.a. å:

  • Synleggjere skogen sitt positive bidrag og moglegheiter i klimasammenheng.
  • Medverke til at kommunane nyttar landbruket sitt potensiale i energi- og klimaplaner.
  • Vere pådrivar for auka bruk av trevirke til bygg- og energiføremål.
  • Bidra til auka bruk av fornybar energi generelt, og i landbruket spesielt.
  • Støtte opp om skogbruket sitt miljø- og klimaarbeid.
  • Forvalte og kontrollere tilskot til miljøtiltak i skogbruket