Ørstaterminalen er prioritert!

Ørsta kommune er den eine av to søkarar, som no er invitert til å utarbeide fullstendig søknad om tilskot til utbygging av tømmerkaiar.

Ørsta kommune eig Ørstaterminalen, og ønskjer å bygge den ut for å effektivt ta hand om dei store tømmerressursane, som no skal haustast i nærområdet. Dette vil gi innsparte logistikk- og transportkostnader, som er viktig for både skogeigarar og industri. 

Du finn meir informasjon hos Landbruksdirektoratet.