Nye veglister for Fylkes- og Kommunale vegar i Møre og Romsdal

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har oppmoda kommunane om å sende inn forslag til revidering av veglistene for kommunale vegar innan fristen i utgangen av 2013. I samband med dette arrangerte Fylkesmannen saman med Allskog SA, ein fagdag for alle kommunane 11. oktober i 2013. Resultatet ser vi no i dei nye veglistene. Mange kommunar har fulgt oppmodinga til Fylkesmannen og skognæringa, og auka tillat vogntoglengde til 24 meter for spesialvogntog for tømmertransport og til 60 tonn totalvekt for slike vogntog.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 10.03.2014

Oppjusteringa er avgjerande for å få lønnsemd i skognæringa. Store volum skal transporterast, ofte over lengre avstandar frå skogen til utskipingskai eller til industri, og transporten utgjer difor ein stor del av totalkostnaden med tømmerråstoffet. Moderne skogsbilvegar skal byggast med høg bereevne. Det offentlege vegnettet har ofte vore flaskehalsar for tømmertransporten, fordi mange vegar er oppgitt med redusert aksellast og vogntoglengde i veglistene.

Mange undrar sikkert på om ikkje vegane blir øydelagde av så lange og tunge tømmervogntog. Fordi tømmervogntoget er lengre og kan ha fleire akslar, blir ikkje punktbelastninga på vegen større, sjølv om totalvekta aukar. Tømmervogntog blir derfor handsama spesielt i veglistene i eigen kolonne. Det er desse kolonnane kommunane må oppdatere.

Kva då med gamle bruer. Vil ikkje dei bli øydelagde? Lengre bruer med manglande dokumentasjon om konstruksjonen må undersøkjast før tyngre kjøretøy kan køyre over, men ofte er bruene korte, og berre ein eller to hjulakslar er på brua samtidig. Belastninga på desse vil ikkje nødvendigvis bli større, sjølv om vogntogvekta aukar.

Dei nye veglistene vart kunngjort 4. mars, og Statens vegvesen fortel at grunnen til at det har gått lang tid til å lage dei nye veglistene, er at kommunane har rapportert om mange endringar. Mange vil difor meine at det har vore verd å vente på.

På skogbruksdelen i landbrukskonferansen i Molde 5. – 7. mars gjorde Vegar Aune i Allskog greie for kvifor det er så viktig for skognæringa at veglistene blir revidert med tanke på tømmervogntog. Sjå eigen artikkel.

Den tidlegare samferdselsministeren kom med ei pressemelding 6.9.2013 der ho ba Vegdirektoratet åpne for 60 tonn totalvekt og 24 meter lengde på tømmervogntog. I pressemeldinga står det at auka nyttelast i tømmertransporten vil gi færre kjøretøy på vegane, redusere klimagassutslepp, og sannsynlegvis minske risikoen for ulykker.

Veglistene er del av: FOR-2014-02-28-231: Forskrift om tillatte vekter og dimensjoner for kjøretøy på fylkes- og kommunale veger (vegliste for Møre og Romsdal), Møre og Romsdal, og er publisert i Lovdata. Sjå relaterte lenker.