Tildelt økopris for langsiktig satsing

Coop fekk tildelt prisen som årets leverandør av økologiske produkt 2014.  Dei fekk prisen for å ha satsa på økologiske varer over tid, og at dei gjer økologiske varer tilgjengelege over heile landet. Dette sa landbruksdirektør Anne Berit Løset m.a. ved utdelinga

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 28.08.2014

Vi har ei nasjonal målsetting om å auke produksjon og forbruk av økologiske varer til 15 prosent innan 2020.  Målsettinga er eit stort løft, og vi treng tydelege lokomotiv som kan gå fremst i dette arbeidet.  Årets prisvinnar er eit godt eksempel på det, sa Løset vidare.

Prisen «Årets leverandør av økologiske produkt» skal bidra til å løfte fram aktørar som utmerkar seg i satsinga på økologiske varer. 

Juryen grunngjev at det er ein av gigantane i daglegvarebransjen som får prisen slik:

  • Coop er ein stabil leverandør som har satsa over tid, og som gjer det enkelt å finne økologiske produkt i heile landet, også på små stader i distrikta.
  • Coop har eiga synleg, økologisk merkevare.
  • Dei sel økologisk lokalmat frå produsentar i dei ulike regionane, som til dømes frukt, grønsaker og ost.
  • Butikkane har tilbod og kampanjar på økologiske varer, noko ein sjeldan ser elles.
  • Coop fortener påskjønning for at dei har så godt utvalg, og satsar på økologi

Prisen vart delt ut på konferansen «Matkultur og Reiseliv» under Den Norske Matfestivalen i Ålesund torsdag 28. august 2014. 

Stolte og glade

Miljøsjef i Coop, Knut Lutnæs, tok imot prisen. Han seier prisen som årets leverandør av økologiske produkt for 2014 er en flott synliggjøring av innsatsen Coop har lagt ned for økologimarkedet gjennom over 20 år, og vi er selvsagt stolte over tildelingen, sier Knut Lutnæs.

Lutnæs seier også at Coop ser på økologiske varer som miljømessig, helsemessig og dyreetisk betre alternativ enn konvensjonelle varer, og føler eit særleg ansvar for å sikre vidare utvikling av det økologiske markedet.

Lutnæs er også glad for at omsettinga av økologiske varer, særleg frukt og grønt, melk egg og barnemat har auka kraftig i år, samanlikna med fjoråret. Coop vil gje kundar og medlemmer mulegheit til å velje endå blant endå fleire økologiske produkt framover.

Om prisen

Prisen «Årets leverandør av økologiske produkt» skal bidra til å løfte fram aktørar som utmerkar seg i satsinga på økologiske varer. Det er ei tydeleg satsing nasjonalt for å auke produksjon og forbruk av økologiske varer i Norge.  Målet er at 15 prosent av matproduksjonen og forbruket skal vere økologisk i 2020.

Den Norske Matfestivalen, Bioforsk økologisk og Fylkesmannen i Møre og Romsdal står bak prisen. Dette er tiande året på rad vi deler ut ein pris for «Årets leverandør av økologiske produkt».

Prisen skal delast ut til ei bedrift eller ein person som leverer eit eller fleire økologiske produkt. Prisvinnaren eller prisvinnarane skal gjennom sitt virke ha vist at han/ho har forståing for det økologiske konseptet. Produktleveransen skal vere profesjonelle og sikre, samt halde ein høg standard. Produkta skal i hovudsak seljast gjennom daglegvarehandelen.

Det kom mange forslag på gode kandidatar i år. På lista finn vi både små og store marknadsaktørar, og dei representerer eit stort produktspekter.

Jury

Juryen har i år bestått av Merethe Fjeld Nystad frå Debio, Anita Land frå Bioforsk Økologisk, Gunnar Kvamme frå St. Olavs hospital, Oda Omholt frå Oikos og Landbruksdirektør Anne Berit Løset frå Fylkesmannen i Møre og Romsdal (juryformann).