Få hjelp med søknad om Regionale miljøtilskot

Fristen for å søkje regionalt miljøtilskot i landbruket er 20. august 2014. Søkjer du elektronisk i år, kan du bruke opp att godkjente kartteikningar frå i fjor. Treng du hjelp med søknaden, tilbyr kommunen som vanleg rettleiing i opningstida si, og Landbruksdirektoratet held telefonlinjene opne tysdag 19. og onsdag 20. august 2014 fram til klokka 18.00. Du kan også ringje Fylkesmannen i Møre og Romsdal.

I Fylkesmannen si rettleiing for regionalt miljøtilskot finn du meir informasjon om miljøtiltaka. Du når Landbruksdirektoratet på følgjande telefonnummer:

Tirsdag 19. august: 24131086/24131252

Onsdag 20. august: 24131151/24131021

Du finn også hjelp til elektronisk søknad på Landbruksdirektoratet sine heimesider.

Fylkesmannen i Møre og Romsdal kan også ta i mot spørsmål knytt til levering av søknaden, og du kan ringje 71258154 i kontortida. Bruk 91179866 etter kl 1530.

Du finn informasjon om reglane i vårt fylke ved å klikke Fylkesmannen i Møre og Romsdal, som fører deg til nettsida om miljøprogrammet for Møre og Romsdal.

Spørsmål knytt til regelverket bør du ta opp med kommunen der du bur..

Start søkeprosessen her

Start søkeprosessen her

Det er enklast å starte søkeprosessen hos Landbruksdirektoratet, jf dette bildet. Startar du her, kjem du direkte til riktig skjema etter at du har logga inn på Altinn.