Meld deg på Geitedagane 2014

Meld deg på geitedagane i Jølster 22.-24. august. Der får du fagleg påfyll, gode naturopplevingar, og du treffer fagfolk og dyktige kollegaer.

Det er fylkesmennene i Sogn og Fjordane, Hordaland og Møre og Romsdal, Norsk Sau og Geit og Tine som arrangerer geitedagane, denne gongen på Skei i Jølster, fredag 22. august til søndag 24. august.

I det allsidige programmet er det lagt opp til foredrag som til dømes

  • Fokus på produkt frå geit
  • Avlsopplegg og sikkerheit i avlsarbeidet
  • Tur til Søgnesand og Kandal
  • Jurhelse og celletal
  • Friskare geiter, oppsummering og kost/nyttevurdering,
  • osv

Last ned brosjyra og meld deg på geitedagane i Jølster.

Det er bindande påmelding innan 7. juli til Skei Hotel, tlf 57727800 eller epost kurs@skeihotel.no.

Kontaktperson: Ola Søgnesand, tlf 90996816, epost ola.sognesand@tine.no