Søk om midlar til økologiske skulehagar 2014

Skulehagen ved Dalsfjord skule. Foto: Dalsfjord skule
Skulehagen ved Dalsfjord skule. Foto: Dalsfjord skule

I skulehagen kan barn og unge få praktisk øving og innsikt i korleis maten vår vert til og kvar den kjem frå. Mange av måla i kunnskapsløftet kan takast inn i skulehagearbeidet. I tillegg er skulehagen ei sosial møteplass der born og unge får gjere ting i lag og får gode opplevingar. Skulane kan søkje tilskot til skulehage. Søknadsfrist 30. mai 2014.

Utlysing av midlar til økologiske skulehagar  2014

Fylkesmannen i Møre og Romsdal inviterer med dette til å søkje om midlar til å etablere eller vidareutvikle økologiske skulehagar.

Ein skulehage kan gi barn og unge ein praktisk måte å lære om korleis maten vert til og kvar den kjem i frå.  Skulehagen kan vere ein nyttig læringsarena, både når det gjeld auka merksemd kring mat og matkvalitet, fysisk aktivitet, klimaproblematikk og andre miljøutfordringar.

Mange av måla i kunnskapsløftet kan integrerast i skulehagearbeidet.

  • Uteskule, naturfag, skriving, kunst og handverk, IKT.
  • Lære om mål, vekt, pengar, gangetabell og brøk.
  • Læringsstilar og tilpassa opplæring.

Skulehagen må plasserast på ein godt eigna stad på skuleområdet.

Økologiske skulehagar kan også etablerast på ein nærliggande gard.  Skulen må då gjere skriftleg avtale med gardbrukaren.

Bioforsk Økologisk kan tilby starthjelp med rådgjeving til dei skulane som har behov for det. De finn mykje nyttig informasjon om skulehagar på www.agropub.no.

Søknaden må sendast på eige søknadsskjema, og må innehalde:

  • Aktivitetsplan og framdriftsplan for oppstart eller vidareutvikling av skulehagen.
  • Budsjett for innkjøp og andre kostnader. 
  • Skulen sitt organisasjonsnummer, kontonummer og kontaktperson.

Søknadsfrist 30. mai 2014.

Søknaden skal sendast til Fylkesmannen i Møre og Romsdal,

Fylkeshuset, 6400 MOLDE, fmmrpostmottak@fylkesmannen.no

Det må sendast kopi av søknaden til Landbrukskontoret i kommunen.

Økologisk korn

Økologisk korn frå Dalsfjord skule. Foto: Dalsfjord skule

Økologisk korn frå Dalsfjord skule. Foto: Dalsfjord skule

Økologiske poteter

Økologiske poteter frå Dalsfjord skule. Foto: Dalsfjord skule

Økologisk poteter frå Dalsfjord skule. Foto: Dalsfjord skule