Kven blir «Årets leverandør av økologiske produkt» i 2014?

Fylkesmannen i Møre og Romsdal, Bioforsk Økologisk og Den Norske Matfestivalen står for utdelinga av den nasjonale prisen, "Årets leverandør av økologiske produkt».

Vinnaren blir kåra under Den Norske Matfestivalen i Ålesund i august. Vi inviterer med dette publikum og fagfolk til å kome med forslag på gode kandidatar innan 20. juni 2014.

Ei av målsetjingane i den økologiske satsinga er å få økologiske varer ut til forbrukarane.

Difor er det viktig å setje fokus på produsentar som sel økologiske varer gjennom daglegvarehandelen.

Vi vonar at det kjem inn mange gode forslag!