Snart kjem RMP-tilskotet

Tilskot i regionalt miljøprogram blir utbetalt til 1319 bønder og 55 beitelag i fylket omlag 5. mars. Regionalt miljøprogram inneheld tiltak for å møte viktige miljøutfordringar i fylket vårt, og bidra til meir miljøvennleg landbruk.

Det vart i 2013 sett i verk eit revidert miljøprogram med nye tiltak. I det nye programmet skjedde det ei dreiing frå estetiske verdiar over mot fokus på utslepp. Det viktigaste tiltaket mot utslepp i det nye programmet er tilskot til spreiing av husdyrgjødsel tidleg i vekstsesongen, med seinaste spreiedato 10. august, slik at ei avling kan haustast etterpå. Dei som gjennomfører dette tiltaket, kan også få tilskot til bruk av slangespreiing. I alt ca 43 % av fylkesramma på 18 mill går til desse to tiltaka.

Tiltak innan kulturlandskap får framleis ein stor del av ramma, om lag 42 %, men dette er vesentleg mindre enn i dei tidlegare programma.

Om lag 11 % går til skjøtsel av kulturminne, 5 % til å redusere avrenning til vassdrag og 3 % til skjøtsel av slåttemarker med biologisk mangfold.

Søkjarar som leverte søknaden sin via internett, får melding om utbetalinga ved å logge seg på www.altinn.no, mens dei som leverte papirsøknad, får brev i posten. Kommunen kan gje meir opplysningar om miljøprogrammet i sin kommune.

Kontaktpersoner

Aktuelt

I 2013 vart det spreidd husdyrgjødsel så tidleg at ei avling kunne haustast etterpå på ca 108.000 daa. På ca 10.000 av desse vart det spreidd med slangeutstyr.