Søk tilskot til beitelag innan 1.11.

Sau på heimebeite på Vestnes
Sau på heimebeite på Vestnes

Beitelag som organiserer beiting i utmark, tilsyn og sanking av småfe, storfe og hest, kan søkje om tilskot til drift av beitelaget. Søknadsfristen er 01. november 2013. Det kan søkjast om tilskot til dyr som er sanka heim frå utmarksbeite.

Formålet med organisering av beitelag, er m.a. å redusere tap av dyr på utmarksbeite, gjennom førebyggande tiltak, tilsyn og organisert beitebruk.

Regionalt miljøprogram har det siste året blitt revidert i alle fylka. Resultatet er både større og mindre endringar i regelverket, og datasystemet har blitt heilt nytt og moderne. Her er ei kort oppsummering.

  • Einingsregisteret har stilt krav til beitelaga som har ført til omorganisering, slik at alle no skal vere registrert som samvirkeføretak. For at laga skal få levert søknaden, må riktige roller vere registrert. Det er derfor smart av laga å logge inn på Altinn tidleg, for å sjekke kven som kan levere søknaden på vegne av beitelaget.
  • Nytt av året er også at alle medlemmer i beitelaget også må ha registrert organisasjonsnummer i Einingsreigsteret.
  • Søknadene kan berre leverast elektronisk via www.slf.dep.no eller www.altinn.no. Statens Landbruksforvaltning har fått utvikla heilt nytt fagsystem for søknad, behandling, godkjening og utbetaling av tilskot til søknader om tilskot gjennom Regionalt Miljøprogram, der også drift av beitelaga er med.

Kommunen kan hjelpe til med å gje opplysningar om alt som skal til for å levere søknaden. Det finst også supplerande opplysningar i rundskrivet som du finn på denne sida og på nettsida til SLF, jf relaterte lenker.