Regionalt miljøprogram 2013-2016

Regionalt miljøprogram for 2013-2016 er revidert. Det er gjort store endringar i miljøprogrammet med meir vekt på reduksjon i avrenning og mindre vekt på kulturlandskap og estetiske verdiar. Fleire bønder kan få nytte av tiltaka, og det nye miljøprogrammet har ein tydelegare miljøprofil. Denne artikkelen gjeld 2013.

To nye tiltak tek sikte på å bidra til reduksjon i avrenning, og eit tek omsyn til trua fugleartar:

  • Tilskot til spreiing av gjødsel om våren og tidleg i vekstsesongen med hausting etterpå.
  • Tilskot til bruk av tilføringsslangar.
  • Det er også lagt til rette for å verne særskilt truga fugleartar gjennom å avsette areal på innmark til hekkeplassar. 

Dei tidlegare ordningane blir vidareførte. Ta kontakt med din kommune for meir informasjon om tilskot gjennom Regionalt Miljøprogram på ditt bruk.

NB!! Ny søknadsfrist for 2013 er 27.08.2013

På grunn av tekniske problem måndag vart søknadsfristen i dag, 20.08. utsett til 27.08. 

Klikk her for å få meir informasjon i tekst og video om korleis du kan fylle ut søknaden, teikne på kart, osv.

Innlevering av søknad bør skje via internett. Klikk her for å starte innlevering av søknad om tilskot gjennom Regionalt Miljøprogram for Møre og Romsdal.

Den som må bruke papirskjema for å søkje om miljøtilskot, kan laste ned skjema frå høgremargen på denne sida.

Fristen for å søkje om tilskott til regionalt miljøprogram i landbruket er 20. august. I år er det for første gong mogleg å søkje elektronisk. Treng du hjelp til elektronisk søknad, kan du ringe Statens landbruksforvaltning fram til klokka 18.00 måndag 19. og tysdag 20. august.

Det er trygt å levere søknad på internett, og enkelt å søkje tilskott for ditt gardsbruk. Du får løpande tilbakemelding på om du har fylt ut skjemaet korrekt. Opplysningane du legg inn i søknaden i år kan hentast fram igjen neste år. I fylkesmannen sin rettleiar for regionalt miljøprogram finn du meir informasjon om tiltaka.