Turagentar på visningstur i fylket

Nokre av turoperatørane, som var med på pre-tur til lokalmatbedrifter i samband med Norwegian Travel Workshop 2019. God guiding gjorde turen til ei betre oppleving
Nokre av turoperatørane, som var med på pre-tur til lokalmatbedrifter i samband med Norwegian Travel Workshop 2019. God guiding gjorde turen til ei betre oppleving (Foto: Quirien van Oirschot)

Bedrifter i nettverket Hanen fekk i april visst fram sine reiselivsprodukt til 10 agentar, som tilbyr pakkereiser. Fokuset var på lokal mat.

Viktige erfaringar

Pre-turen var svært vellukka. Det var eit unikt høve til å vise fram lokalmat-bedrifter til agentar, som vil inkludere dette i sine turar til Norge.

Turen var svært nyttig, for å vise fram det Hanen-bedriftene har, og dei kunne også teste sine produkt blant folk som representerer store kundegrupper.

  • Det er stor interesse for produktet «Food Tours».
  • Det er viktig at det er excellent standard i alle ledd, for å operere i slike marknader.
  • Operatørane likar Hanen sine bedrifter, og tenkjer dei er aktuelle for sine kundar.
  • For å komme vidare, er det nødvendig med utvikling av produkt og marknadsføring.

Bakgrunn

Norwegian Travel Workshop er Norges største reiselivsmesse for internasjonale og nasjonale aktørar. I samband med Norwegian Travel Workshop, som vart arrangert i Ålesund i 2019, sende Hanen inn 2 søknader til Innovasjon Norge, for å gjennomføre Pre-tur i Møre og Romsdal. Det var en Post-tur til Sunnmøre, og en tur til Nordmøre med fokus på lokal mat. Turen «Local Food Tour with World Champions»  til Nordmøre ble plukka ut av Innovasjon Norge for gjennomføring.

Hanen Møre og Romsdal ønskjer å bringe lokal mat på agendaen hos reiselivsaktørane. Gjennom turen fikk Hanen Møre og Romsdal det unike høvet til å vise frem bygdeperler og norsk Gardsturisme til eit internasjonalt forum. Turen var ein av 10 Pre- og Post-Tours i samband med Norwegian Travel Workshop. Turen starta i Molde, og gjekk via Tingvoll, Atlanterhavsveien og Isfjorden til Ålesund. Det var i alt 8 Hanen-bedrifter som vart plukka ut til å vise seg fram på Pre-turen. I tillegg kunne alle Hanen medlemmer i Møre og Romsdal gjere seg synlege gjennom gavepakke eller godtepose.

Med på turen var turoperatørar frå Norge, USA, Italia, Tyskland, Russland, Danmark og Belgia.

Hanen Møre og Romsdal

Hanen Møre og Romsdal har 51 medlemmer, og dei består av små til litt store bedrifter. Hanen vil vise frem ekte opplevingar basert på norsk tradisjon og gardsbruk, med norsk tradisjonsmat. Vi har nokre stjerner her i fylket. Den mest kjende er Tingvollost, som vart vinnar av World Cheese Awards 2016.

Pre-tur med fokus på lokalmat med utanlandske og Norske turoperatørar til Hanen-bedrifter, her hos Tingvollost

Pre-tur med fokus på lokalmat med utanlandske og Norske turoperatørar til Hanen-bedrifter, her hos Tingvollost (Foto: Quirien van Oirschot)