Ingrid Espelid Hovigs matkulturpris til Gunnar Waagen

Gunnar Waagen fekk Ingrid Espelid Hovigs matkulturpris for 2018
Gunnar Waagen fekk Ingrid Espelid Hovigs matkulturpris for 2018 (Foto: Arnold Hoddevik)

Gunnar Waagen vart tildelt Ingrid Espelid Hovigs Matkulturpris for 2018. Utdelinga skjedde i samband med Fagdag for norsk mat og drikke under World Cheese Awards i Bergen. Han fekk prisen for sitt langvarige og allsidige arbeid innan norsk matkultur.

Grunngjeving

"Gunnar Waagen har lang erfaring innen osteproduksjon, og har gjort en formidabel innsats gjennom en årrekke med å fremme norsk matkultur og norsk ostekultur. Han er en del av det familiedrevne gårdsmeieriet Tingvollost på Saghaug gard på Nordmøre, og har vunnet en rekke priser for sine oster, både nasjonalt og internasjonalt. Blåmuggosten Kraftkar gikk i 2016 helt til topps i World Cheese Awards i San Sebastian, og satte på mange måter ostenasjonen Norge på verdenskartet."

Takksam og audmjuk mottakar

Det var ein audmjuk og glad mann som tok i mot prisen. Han takka, men delte umiddelbart prisen med dei tre andre kandidatane til årets pris. Han likar at saka får merksemd, men held seg sjølv gjerne i bakgrunnen.

Gunnar fortalde at utvikling skjer når folk som tenkjer ulikt er samla. Det har dei gjort i Tingvollost og på heimebane, og det har også skjedd i oste-norge.

Om prisen

Ingrid Espelid Hovigs matkulturpris blir delt ut årleg til en person som har utmerka seg spesielt innan området mat, sunt kosthold og matkultur med hovedvekt på det norske. Den ble opprettet som en hyllest til Ingrid Espelid Hovig på hennes 70-årsdag. Styreleder er Liv Gregersen Kongsten, som m.a. var Ingrid sin medhjelpar i studio.