MRmat har programmet klart

Her kjem den hyggelege julehelsinga for alle interesserte i lokalmat i Møre og Romdal: Programmet for kursdagane MRmat i Kristiansund 14. og 15. februar er klart. Kursa spenner frå fermentering av grønsaker og ysting til korleis bygge bedrift og bli god på nett.

MRmat er eit samarbeid mellom Matnavet på Mære, Fylkesmannen i Møre og Romsdal, Innovasjon Norge  og Møre og Romsdal fylkeskommune. For påmelding – gå inn på Matnavet på Mære sine nettsider. Påmeldinga opnar 5.01.18.

Kontaktpersoner

Dokumenter