Lyst å starte som lokalmatprodusent?

Fylkesmannen ønskjer å delta i mobiliseringa av fleire lokalmatprodusentar. Under matfestivalen kan du få inspirasjon til å bli lokalmatgründer, og få rettleiing.

Dette skjer på Hoffmann Café og Bar i Kongens gt. 11 (i gågata, eit steinkast nord for St. Olavs plass), Ålesund. Her blir det også høve for speed-dating - eit personleg møte med innleiarane.

Auka etterspurnad etter lokal mat har ført til at vi ønskjer i samarbeid med bonde- og småbrukarlaget, matfestivalen, fylkeskommunen, Innovasjon Norge og Matnavet på Mære, om å tilby inspirasjonsforedrag og presentasjon av rettleiingstenesta på fagområdet under matfestivalen.

Invitasjonen og programmet for møtet finn du her og under dokument i høgre spalte.

Kontaktpersoner

Nytt system for søknad om produksjonstilskot frå 2017.