Flatbrød med Ramsløk til topps på Oi!

Flatbrød med ramsløk fra Mosbøen Gård i Øksendal vart i år kåra til Årets produkt i OI!, Trøndersk Matfestival. Mosbøen gjekk til topps i konkurranse med alle dei andre landbruksbaserte produkta på festivalen!

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 08.08.2016

Fylkesmannen gratulerer Mosbøen Gård med den gjeve prisen, og ynskjer alle lokalmatprodusentar i Møre og Romsdal lukke til med salget på matfestivalane utover hausten!

Frå august til oktober er det høgsesong for matfestivalar i Møre og Romsdal, men ein del produsentar frå Møre og Romsdal deltok også på Oi! Trøndersk Matfestival i Trondheim sist veke.

Lokalmatprodusentar frå Nordmøre har i mange år vore å finne på matfestivalar og julemesser i Trondheim. Dette er viktige salsarenaer, både for dei som er med i Bondens Marked, og andre som satsar på torgsalg. Produsentane frå Møre og Romsdal representerer eit breitt spekter av tradisjonsmat, både frå land og sjø: Smør, rømme, ostar av både ku- og geitemjølk, kjekjøt, klippfisk, røykalaks, lefser og flatbrød.