Nettverkssamling Inn på tunet

Inn på tunet i Møre og Romsdal inviterer til nettverkssamling i Ålesund mandag 25. november. Etablerte og nye tilbydarar, kjøparar og samarbeidspartnarar er velkomne til eit interessant program.

Program

Du vil få presentert resultatet av eit videoprosjekt for Inn på tunet i Møre og Romsdal. 

Samhandling og gode prosessar i grupper er eit anna tema, der vi får innleiing frå institutt for sosialfag ved Høgskulen i Volda.

I Vindafjord kommune har dei erfaringar med rusarbeid, og vi får innblikk i kvifor kommunen har kjøpt tenester frå ein gard i kommunen i fleire år.

Økonomi er viktig, også for leverandørar av slik tenester. Vi får også eit innlegg om korleis Inn på tunet-tenester kan prissettast.

Dette ser ut til å bli ein interessant og nyttig dag, så meld deg på i dag.

Påmelding

Send ein epost til: post@innpatunetmr.no. Husk namn på deltakar og eventuelle opplysningar om allergi. Ta gjerne med gjerne din status i forhold til Inn på tunet. Sjå fleire detaljar om pris og adresse i fullstendig program, som er vedlagt denne artikkelen.

Inviter andre

Del gjerne denne artikkelen med andre du trur kan vere interesserte i temaet og arrangementet. Bruk gjerne ikona for å poste lenke i sosiale media, eller send epost.

Kontaktpersoner