Med meistring som ballast

Korleis kan landbruket, og kontakt med dyr og natur gje meistring og helsegevinst? Velkommen til stor konferanse i Stavanger 2.-3. november 2015.

Vi ønskjer på konferansen å setje eit ekstra fokus på utsette born og unge, og sjå på korleis landbruket kan vere med å medverke til betre oppvekstvilkår for denne målgruppa. Bruk av plantar, dyr og natur i pedagogisk og terapeutisk samanheng vil bli sett på dagsorden. Det vil bli lagt vekt på å presentere ny kunnskap og nye strategiar basert på både nasjonal og internasjonal forsking.

Inn på tunet er tilrettelagte og kvalitetssikra velferdstenester frå landbruket. Brukarar av tenestene er born og unge, vaksne, eldre med fleire. Les meir om Inn på tunet hos Matmerk.  www.matmerk.no/inn-pa-tunet

Program er under utarbeiding og vil bli sendt ut før sommaren. Hold av datoen!        

Kontaktperson hos Fylkesmannen i Rogaland: Bjørn S. Berg, e-post: fmrobsb@fylkesmannen.no Tlf. 51 56 89 93, mob. 905 62 906

Kontaktpersonar for Inn på tunet i dei andre fylkesmannsembeta: http://www.matmerk.no/inn-pa-tunet/ipt-fylkessider  

 Fakta:

Inn på tunet er eit nasjonalt satsingsområde, og fylkesmannsembeta har oppdraget med å koordinere arbeidet med denne satsinga i kvar sine fylke. Ei viktig nyvinning i seinare tid er at vi har fått på plass eit kvalitetssystem og ei godkjenningsordning for Inn på tunet-gardane. Stiftinga Matmerk forvaltar godkjenningsordninga.

 Anna kvart år blir det arrangert nasjonal Inn på tunet konferanse. Arrangør for årets konferanse er fylkesmannsembeta på Vest- og Sørlandet.  

Som definert i «teaseren» er målgruppene:

  • Leiarar og tilsette i helse-, sosial-, NAV- og utdanningssektoren
  • Tilbydarar av velferdstenester på gardsbruk   
  • Aktuelle kompetansemiljø og brukarorganisasjonar
  • Politikarar og andre interesserte