Andelslandbruk

Andelslandbruk er ei form for direkte omsetnad og dialog mellom gardbrukar og forbrukarar. Forbrukarar kjøper deler av garden sin produksjon, og tek imot varer frå garden utan mellomledd. Det unike er at forbrukaren kjøper ein lott av garden sin produksjon, t.d. for eit år om gongen. Risikoen for årsavlinga blir delt mellom lotteigarane. Forbrukarane kan delta i planlegging av gardsdrifta.

Oikos – Økologisk Norge har ansvaret som nasjonal koordinator for andelslandbruk, på oppdrag frå Landbruksdirektoratet. Prosjektperioden for dette er frå 2015 – 2016. Oikos skal bidra med informasjon, foredrag, rettleiing og bistand for andelslandbruk.

Landbruk Nordvest – gir mellom anna dyrkingstekniske råd til andelslandbruk i Møre og Romsdal

Debio – kan godkjenne andelslandbruk som ønskjer å vere ein del av kontrollordningen for økologisk produksjon.

Interessa blant forbrukarar om å bli andelseigarar er aukande. Dei bynære andelsgardane har i dag ventelister for å bli eigarar av ein lott. Sidan 2006 til 2014 har det blitt etablert 21 andelsbruk, og fleire er under etablering.


09.11.2016

Arena for andelslandbruk

Torsdag 10.11.2016 kl 18 - 21 blir det nettverksmøte om andelslandbruk på Alexandra Hotell  i Molde. Målet med møtet er å kunne skape eit framtidig nettverk for andelslandbruk i fylket.

13.09.2016

Besøk eit andelslandbruk i september

Har du lyst å dyrke din eigen mat, men du har ikkje jord?  Då kan andelslandbruk vere noko for deg. Besøk ein markdag i september, og lær meir.

21.06.2016

Oppdatering av rettleiar

Rettleiaren Plan- og bygningsloven og landbruk pluss, utarbeidd i 2005, vil bli gjennomgått med sikte på oppdatering og synleggjering av dei høva kommunane har for offensiv planlegging og næringsutvikling.

18.03.2014

Lokal økologisk mat i fellesskap - andelslandbruk

Lokal økologisk mat i fellesskap kan bli ein realitet i Velledalen i Sykkylven. Velledalen andleslandbruk inviterer no til informasjonsmøte både i Velledalen og Ålesund, for å informere om moglegheitene for å etablere eit andelslag i Velledalen.