Søk om tilskot til tiltak i verdsarvområdet Vestnorsk fjordlandskap - Geirangerfjorden 2019

Tre velkjente og verdifulle element i verdsarvområdet, Skageflå med utsikt mot Dei sju søstre og Knivsflå
Tre velkjente og verdifulle element i verdsarvområdet, Skageflå med utsikt mot Dei sju søstre og Knivsflå (Foto: Arnold Hoddevik)

Søk om tilskot til tiltak i verdsarvområdet. Søknadsfristen er 15. oktober 2019.

Føremålet

Føremålet med tilskot til tiltak i verdsarvområda er å styrke landbruket i verdsarvområda, jf. § 1 i forskrift om tilskudd til tiltak i Utvalgte kulturlandskap i jordbruket og verdensarvområdene Vegaøyan og Vestnorsk fjordlandskap. Ordninga skal og medverke til å oppretthalde eit aktivt og levande kulturlandskap, ta vare på kultur- og kulturlandskapsverdiar og hindre attgroing, jf. Tiltaksplan for kulturlandskapet i verdsarvområda Vestnorsk Fjordlandskap og Vegaøyan.

Kven kan søkje?

Målgruppa for ordninga er personar eller verksemder som bidreg til å fremje føremålet med ordninga. Dette kan til dømes vere landbruksføretak, grunneigarar, drivarar, organisasjonar, foreiningar med fleire. Dersom søkjar ikkje er grunneigar, må det ligge føre løyve frå grunneigar og eventuelt andre rettshavarar for å gjennomføre tiltak.

Kva kan du søkje om tilskot til?

Du kan søkje om tilskot til tiltak som fremjar føremålet med ordninga. Dette kan vere:

  • Restaurering og skjøtsel av areal. Dette er eit prioritert tiltak for å sikre det biologiske mangfaldet, og for å ta vare på kulturlandskapet.
  • Istandsetjing, vedlikehald og skjøtsel av bygningar og andre kulturminne.
  • Planlegging av tiltak.
  • Tilrettelegging for ferdsel og formidling.
  • Andre tiltak som fremjar føremålet med ordninga.

Tiltaka må også vere i samsvar med gjeldande planar for området

Korleis søkjer du?

Det er to ulike søknadsskjema:

  • Eitt for arealtilskot og beitedyrtilskot
  • Eitt for andre kulturlandskapstiltak

Begge søknadsskjema finn du i høgre margen på denne sida.

Søknadsfristen er 15. oktober 2019

Du sender søknaden til Fylkesmannen i Møre og Romsdal : Julsundveien 9, Postboks 2520, 6404 Molde eller e- post: fmmrpostmottak@fylkesmannen.no

Det er viktig at du les godt gjennom retningslinene og rettleiinga til søknadsskjema. Her finn du mellom anna eksempel på korleis du skal fylle ut søknadsskjema, og korleis du skal rapportere etter at tiltaka er gjennomført. Du finn retningslinene og rettleiinga i høgre margen på denne sida.

Ei oppmoding til alle søkjarar

Det er vedteke at ansvaret for forvaltninga av tilskot til verdsarvområda skal overførast til kommunane frå og med 01.01.2020. I haust blir det utarbeidd ein ny forvaltningsmodell for satsinga, der kommunar og regional forvaltning vil få tildelt nye roller og ansvar.

På bakgrunn av dette har Fylkesmannen kortare tid til å behandle søknadane no i haust. Vi vil difor oppfordre alle til å sende inn søknad i god tid før søknadsfristen, slik at vi kan handsame søknader fortlaupande.

Meir informasjon om overføringa av ordninga til kommunane finn du her: https://www.landbruksdirektoratet.no/no/miljo-og-okologisk/kulturlandskap/utvalgte-kulturlandskap/_attachment/73562?_ts=16934a42330

Kontakt for informasjon eller spørsmål:

Fylkesmannen i Møre og Romsdal v/ Ragnhild Naug Aas,

Tlf: 71 25 85 19 og e-post: fmmrraaa@fylkesmannen.no