Verdsarv

Geirangerfjorden. Arkivfoto Fylkesmannen i Møre og Romsdal
Geirangerfjorden. Arkivfoto Fylkesmannen i Møre og Romsdal

Vestnorsk fjordlandskap, med Geirangerfjorden og Nærøyfjorden, ble innskriven på UNESCOs Verdsarvliste i 2005. Begge områda har betydelege verdiar knytt til jordbrukets kulturlandskap, og desse verdia vil i stor grad bli svekka dersom det aktive jordbruket avtek eller tek slutt.

Vestnorsk Fjordlandskap har sidan 2008 fått årlege tildelingar over Landbrukets utviklingsfond (LUF) til ei eiga satsing i verdsarvområda. Bakgrunnen er at jordbruket og jordbrukets kulturlandskap utgjer ein viktig del av verdiane i områda. Midla skal nyttast i samsvar med forskrift om tilskudd til tiltak i Utvalgte kulturlandskap i jordbruket og verdensarvområdene Vegaøyan og Vestnorsk fjordlandskap (FOR-2016-08-10-966), og Tiltaksplan for kulturlandskapet i verdsarvområda Vestnorsk Fjordlandskap og Vegaøyan. Tiltaksplan legg til grunn fire typar økonomiske verkemiddel; arealbidrag, beitebidrag, kulturbidrag og investeringsbidrag.

Det er viktig at LUF - midla blir sett i samanheng med andre midlar som understøtta måla om eit levande kulturlandskap i verdsarvområda, til dømes tilskot til spesielle miljøtiltak i landbruket (SMIL) og Regionale miljøtilskot (RMP). Dei skal og bli sett i samanheng med andre tiltak innafor verdsarvområda, som verkemidlar frå Klima – og Miljøverndepartementets, Riksantikvarens og Kommunal- og Moderniseringsdepartementets budsjett.

Landbruksdirektoratet koordinerer arbeidet, i nært samarbeid med Miljødirektoratet og Riksantikvaren. På regionalt nivå er fylkesmannens landbruksavdeling koordinator for arbeidet. Frå og med 01.01.2020 har kommunane overteke forvaltningsansvaret for ordninga. 

 

 


05.02.2020

Evaluering av verdsarvsatsinga Vestnorsk fjordlandskap

På oppdrag frå Fylkesmannen i Møre og Romsdal og Fylkesmannen i Vestland, har Telemarksforsking gjennomført ei evaluering av verdsarvsatsinga Vestnorsk fjordlandskap. Denne satsinga består av delområda Nærøyfjorden og Geirangerfjorden.

10.09.2019

Søk om tilskot til tiltak i verdsarvområdet Vestnorsk fjordlandskap - Geirangerfjorden 2019

Søk om tilskot til tiltak i verdsarvområdet. Søknadsfristen er 15. oktober 2019.