Søk om tilskot til tiltak i det utvalde kulturlandskapet Alnes - 2.gongs utlysing 2019

Alnes sett frå Alneslia
Alnes sett frå Alneslia (Foto: Fylkesmannen i Møre og Romsdal)

For 2019 har det utvalde kulturlandskapet Alnes fått tildelt kr 450 000,- i tilskotsmidlar. Første søknadsrunde hadde frist 2. juni 2019, og da fekk vi inn søknadar som svarar til kr 280 000,-. Det betyr at det er att kr 170 000,- på årets ramme. Dei resterande midla blir nå lyst ut på nytt.

Fristen for å søkje er 12. august 2019.

Føremålet med tilskot til utvalde kulturlandskap i jordbruket

Føremålet med tilskot til tiltak i Utvalde kulturlandskap er å medverke til å sikre verdiar knytt til biologisk mangfald, landskap, kulturminne og kulturmiljø, og å sikre langsiktig skjøtsel og drift. jf. § 1 i forskrift om tilskudd til tiltak i Utvalgte kulturlandskap i jordbruket og verdensarvområdene Vegaøyan og Vestnorsk fjordlandskap. Satsinga på Utvalde kulturlandskap i jordbruket er ei oppfølging av nasjonale mål om å ta vare på kulturlandskapet.

Kven kan søke?

Målgruppa for ordninga er personar eller verksemder som bidreg til å fremje føremålet med ordninga. Dette kan til dømes vere grunneigarar, landbruksføretak, lokale entreprenørar/gründerar, organisasjonar, foreiningar med fleire. Dersom søkjar ikkje er grunneigar, må det ligge føre løyve frå grunneigar og eventuelt andre rettshavarar for å gjennomføre tiltak.

Kva kan du søkje om tilskot til?

Du kan søkje om tilskot til tiltak som fremjar føremålet med ordninga. Dette kan til dømes vere restaurering og skjøtsel av areal, Istandsetjing og vedlikehald av bygningar og andre kulturminne, planlegging av tiltak, tilrettelegging for ferdsel, formidlingstiltak eller andre tiltak som fremjar føremålet med ordninga.

Tiltaka må også vere i samsvar med gjeldande planar for området.

Korleis søkjer du?

Søknad sender du på eige skjema. Du finn søknadsskjema i høgre margen på denne sida.

Fristen for å søkje er 12.august

Søknaden sendast til Fylkesmannen i Møre og Romsdal: fmmrpostmottak@fylkesmannen.no eller Julsundveien 9, Postboks 2520, 6404 Molde

Det er viktig at du les godt gjennom retningslinene og rettleiinga til søknadsskjema. Du finn retningslinene og rettleiinga i høgre margen på denne sida.