Utsiktsrydding i stor stil

Det er stor interesse for utsiktsrydding i deler v fylket. Fylkesmannen har fått inn heile 44 søknader om tilskot til utsiktsrydding.

Dei 44 søknadene kjem frå ca 15 av kommunane i fylket, og kostandene med tiltaka er utrekna til heile 11, 8 millionar kroner. Det er søkt om over 8 millionar kroner i tilskot, så det ser ut til at heile tilskotspotten vil gå med dette første året ordninga er i gang.

Fylkesmannen tek sikte på å handsame søknadene før jul 2016.

Landbruks- og matdepartementet lanserte tidlegare i år ei ny tilskotsordning, der grunneigarar og andre kan søkje om tilskot til utsiktsrydding. Målet med utsiktsryddinga er å få fram kulturlandskapet, slik at det vakre kulturlandskapet vårt blir synleg frå vegar og utsiktspunkt, både for fastbuande og for turistreisande.

Det er fylka Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal, som nyt godt av desse midla. Fylka har fått 5 mill. kroner kvar til utsiktsrydding i 2016. Gode prosjekt kan få opptil 70 % i tilskot for å rydde fram fin utsikt.

Dei to bileta til denne artikkelen illustrerer tydeleg korleis det er mange plasser, og korleis det kan bli, når krattet har blitt fjerna. Dei er berre meint som illustrasjon, ikkje som eksempel på prosjekt som kan få tilskot.