Tilskot til utsiktsrydding i landbruket sitt kulturlandskap

Utlysing nr 2 2017 - tilskot til utsiktisrydding.

Søknadsfristen i 2017 er 15. november.

I 2016 behandla Fylkesmannen 44 søknader om tilskot til utsiktsrydding. Av desse fekk 34 prosjekter tilskot. Ordninga er vidareført i 2017 med 5 mill. kroner. I 2017 har det berre kome inn 18 søknadar. Dokumentasjon etter gjennomførte prosjekt viser mange gode resultat. Fylkesmannen vel difor å lyse ut tilskot til utsiktsrydding på nytt i 2017. Ny søknadsfrist er 15. november 2017.

Tilskot på inntil 70 % av godkjend kostnadsoverslag kan gjevast til føretak som er registrert i Einingsregisteret, og som ryddar vegetasjon for å gje betre utsikt frå ferdselsårer, vegkantar og vegnære utsiktspunkt. Dersom søkjaren ikkje er grunneigar eller rettigheitshavar, må det ligge føre skriftleg tillating frå desse. Områda som blir rydda, skal vere av verdifull karakter sett frå landbruket og reiselivsnæringa si side. Rydningsvirket skal brukast til bioenergiformål, når det er mogleg.

I søknaden må det gå fram på kva måte kulturlandskapet blir betre synleg etter tiltaket. Det skal ligge ved dokumentasjon i form av kart/flyfoto og bileta.

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har vedteke retningslinjer for forvaltning av tilskot til utsiktsrydding her i fylket. Retningslinjene kan du laste ned frå denne sida.

Søknadsfristen er 15. november 2017.