Søk tilskot til utsiktsrydding i 2017

No er det tid for å planlegge nye prosjekt utsiktsrydding i kulturlandskapet. Søknadsfristen går ut 15. mai.

Formålet med tilskot til utsiktsrydding i tilknyting til landbruket sitt kulturlandskap er å bidra til utsikt og fremme verdiar knytt til landbruket sitt kulturlandskap. Det er vidare eit formål å gje klimagevinstar ved å bruke rydningsvirke til bioenergiformål.

I 2016 behandla Fylkesmannen 44 søknader om tilskot til utsiktsrydding. Av desse fekk 34 prosjekter tilskot. Dokumentasjon etter gjennomførte prosjekt viser mange gode resultat. Ordninga vidareførast og i 2017 kan nye 5 mill. kroner løyvast.

Tilskot kan gjevast til føretak som er registrert i Einingsregisteret, og som ryddar vegetasjon for å gje betre utsikt frå ferdselsårer, vegkantar og veinære utsiktspunkt. Dersom søkjaren ikkje er grunneigar eller rettigheitshavar, må det ligge føre skriftleg tillating frå desse.

Områda som blir rydda, skal vere av verdifull karakter sett fra landbruket og reiselivsnæringa si side.

Rydningsvirket skal brukast til bioenergiformål, når det er mogleg.

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har vedteke retningslinjer for forvaltning av tilskot til utsiktsrydding her i fylket. Retningslinjene kan du laste ned frå denne sida.

Søknadsfristen i år er 15. mai 2017.

Utsikt i Eresfjord

Utsikt i Eresfjord