Det er klart for å søkje om tilskot til utsiktsrydding 2018

Registrerte føretak kan no søkje om tilskot til utsiktsrydding i Møre og Romsdal. Tilskotet skal bidra til å gje ålmenta betre utsikt til landbruket sitt kulturlandskap. Søknadsfrist er 15.05.2018.

Kven kan søkje?

Alle registrerte føretak kan søkje om tilskot. Det vil sei at både grunneigarar sine føretak, grunneigarlag, andre lag/organisasjonar, kommunar med fleire, kan søka om tilskot. Søkjaren må ha avtale med grunneigaren om gjennomføringa. Det kan gjevast inntil 70 % tilskot av godkjent ryddekostnad.

Kva strekningar kan godkjennast?

Tilskotet gjeld utsiktsrydding langs ferdselsårar, som vegar, stiar og vegnære utsiktspunkt, som gjev auka utsikt til landbruket sitt kulturlandskap. Strekningane som skal ryddast, må vera tilgjengelege for ålmenta. Dersom arealet som vert rydda er egna som beite, er det krav om at arealet vert beita i minimum dei tre første åra etter ryddinga. Ved rydding av beite langs ferdselsårar, kan det søkjast om tilskot til utsiktsrydding til den delen av beitet som gjev auka utsikt frå vegen etter ryddinga. Tiltaket skal syne fram landbruket sitt kulturlandskap, og det skal vere positivt og for reiselivet. Det er vidare positivt om rydningsvirket eller deler av ryddingsvirket kan nyttast til bioenergi.

Kva er utsiktsrydding?

Utsiktsrydding er fjerning av tre, renningar og busker langs ferdselsårer, som veg og sti, for å gje brukarane betre utsikt til det kringliggande landskapet. Utsiktsrydding er sjeldan snauhogst, men skal utførast i form av stammekvisting og avstandsregulering. Dette reduserer solinnstrålinga til botnvegetasjonen. Saman med stubbebehandling reduserer det gjenvekst av ny vegetasjon, samstundes som det gjev auka utsikt.

Når arbeidet er i gong, må det førast timeliste for arbeidet og kva type arbeid som vert utført. Tilskot vert utbetalt på bakgrunn av dette, inntil 70 % av endeleg godkjende utgifter, og maksimalt det beløpet som er førehandsløyvd i løyvingsbrevet. Det er berre sjølve ryddearbeidet som kan inngå i kostnadsoverslaget. Dersom rydningsvirket skal nyttast som ved, kan alt ryddearbeidet med virket fram til veg takast med i kostnadsoverslaget, dvs. kvisting og transport til veg. Vidare transport av virket kan ikkje takast med i kostnadsoverslaget.

Korleis skal de søkje?

Søknaden skal fremjast på skjema utarbeidd av Landbruksdirektoratet. Bilde, kart og kopi av eventuelle grunneigaravtalar eller beiteavtalar skal leggjast ved søknaden. Søknadane skal sendast til kommunen, som skal uttale seg om søknaden, medan vedtak om tilskot vert gjort av Fylkesmannen.

Bakgrunn og omfang

Tilskot til utsiktsrydding i tilknyting til landbruket sitt kulturlandskap vart innført i Sogn og Fjordane, Hordaland og Møre og Romsdal frå nasjonalt hald fom 2016. I 2017 fekk Fylkesmannen 35 søknadar og løyvde 2,2 mill. I 2018 har Møre og Romsdal har fått tildelt 3 mill kr til utsiktsrydding. Vi ynskjer oss mange og gode søknadar.