Ordninga utsiktsrydding i landbruket sitt kulturlandskap utgår
Formålet med tilskot til utsiktsrydding i tilknyting til landbruket sitt kulturlandskap var å medverke til auka utsikt til landbruket sitt kulturlandskap og å fremme verdiar knytt denne landskapstypen. Det var vidare eit formål å gje klimagevinstar ved å bruke rydningsvirke til bioenergiformål. Tiltak i områder som er verdifulle for både landbruket og reiselivsnæringa vart priorioritert. Ordninga er no avslutta. Statsforvaltaren i Vestland og Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har pågåande prosjekt som skal ferdigstillast innafor avtalte arbeidsfristar. Udisponerte og inndregne midlar skal ikkje løyvast til nye prosjekt.
Tilskot vart gjeve til føretak registrert i Einingsregisteret, og som rydda vegetasjon for å gje betre utsikt frå ferdselsårer, vegkantar og veinære utsiktspunkt. Dersom søkjare ikkje var grunneigar eller rettigheitshavar, må det liggje føre skriftlig tillating frå desse.
Områda som vart rydda, skulle vere av verdifull karakter sett fra landbruket og reiselivsnæringa si side.
Rydningsvirket skulle nyttast til bioenergiformål, når det var mogleg.
Tilskot til utsiktsrydding avvikla
Ordninga med tilskot til utsiktsrydding i kulturlandskapet er avslutta frå og med 2020.
16.04.2018
Det er klart for å søkje om tilskot til utsiktsrydding 2018
Registrerte føretak kan no søkje om tilskot til utsiktsrydding i Møre og Romsdal. Tilskotet skal bidra til å gje ålmenta betre utsikt til landbruket sitt kulturlandskap. Søknadsfrist er 15.05.2018.
16.10.2017
Tilskot til utsiktsrydding i landbruket sitt kulturlandskap
Utlysing nr 2 2017 - tilskot til utsiktisrydding.
03.04.2017
Søk tilskot til utsiktsrydding i 2017
No er det tid for å planlegge nye prosjekt utsiktsrydding i kulturlandskapet. Søknadsfristen går ut 15. mai.
26.10.2016
Utsiktsrydding i stor stil
Det er stor interesse for utsiktsrydding i deler v fylket. Fylkesmannen har fått inn heile 44 søknader om tilskot til utsiktsrydding.
29.06.2016
Søk tilskot til utsiktsrydding
Landbruks- og matdepartementet har fastsett forskrift om tilskot til utsiktsrydding i tilknyting til landbruket sitt kulturlandskap.