Ta vare på fuglane i kulturlandskapet

Fleire fugleartar som hekkar i jordbrukslandskapet, er i tilbakegang. Dette gjeld m.a. åkerrikse, storspove og vipe. Inngå avtale med Fylkesmannen om å utsette slåtten der fuglane hekkar. Då gjer du ein innsats for å ta vare på desse fugleartane. Søk om tilskot gjennom Regionalt Miljøprogram til dette tiltaket.

Fleire av dei vanlege artane i jordbrukslandskapet er i sterk tilbakegang. Dette gjeld både storspoven og vipa, og åkerriksa har vore sjeldsynt i mange år. Tilbakegangen har fleire årsaker, men ein viktig grunn er at reir og ungar vert skadde av slåtten.

Gjennom regionalt miljøprogram kan du som driv jordbruk få finansiert tiltak for å ta vare på hekkeplassane og fuglane, dersom du har hekkande fuglar i enga. Det kan gjevast tilskott for å utsetje slåtten der det er påvist hekking av desse tre artane.

Vi oppmodar til at alle er på utkik og ser og lyttar etter fugl på markene rundt i fylket. Alle kan engasjere seg i dette. Bonden kan ta kontakt med kommunen, og andre kan kontakte bonden som driv areala, kommunen eller Fylkesmannen.

Vilkår for å få dette tilskotet er:

  • Grunnvilkåra for tilskot gjenom Regionalt miljøprogram er oppfylt
  • Hekkinga vert stadfesta av fylkesmannen etter t.d. rapport frå grunneigar eller annan med god kunnskap
  • Slåtten av eit areal nærast reiret vert utsett til 1. august
  • Tiltaket vert avtalt på førehand
  • Fylkesmannen fastset storleiken på arealet

Det går også an å slå graset på ein viltvennleg måte, ved å hauste arealet nærast strandkant og utmark innafrå og utover. Då kan fugleungar rømme ut av det slåtte området. Dersom slåtten startar frå kanten og går mot midten av stykket, vert ungane oftast tekne av forhaustaren eller skiveslåmaskina. 

Åkerrikse, hann

Åkerrikse. Foto: Ingar Bringsvor

Åkerrikse. Foto: Ingar Bringsvor

Storspove

Storspove

Storspove. Foto: Asbjørn Børset

Vipe

Vipe

Vipe. Foto: Asbjørn Børset