RMP gir meir miljøvennleg gjødselbruk

Prosentvis fordeling av tilskot mellom miljøtema
Prosentvis fordeling av tilskot mellom miljøtema

Miljøprogrammet for Møre og Romsdal har stimulert bøndene til meir miljøvennleg bruk av husdyrgjødsla. Etter innføring av tilskot til tidleg spreiing i 2013 ser det ut til at mange spreier gjødsla tidlegare enn før - til beste for miljøet og eiga drift.

Diagrammet viser prosentvis fordeling av tilskot mellom miljøtema. Dei to største tema er Kulturlandskap og Utslepp til luft. Deretter kjem Kulturmiljø og kulturminne, og til slutt Biologisk mangfold og Avrenning til vassdrag og kyst.

Utslepp til luft

I dette temaet er tiltaka spreiing i vår/vekstsesongen og bruk av tilførselsslangar. I 2013 vart husdyrgjødsla spreidd tidleg på omlag 108.000 dekar, mens det i 2014 auka til nesten 152.000 dekar.Bruk av tilførselsslangar auka frå omlag 8.700 dekar til omlag 18.400 dekar. Kommunane seier dei har fått færre søknader om å spreie seint om hausten. Dette viser at det har skjedd ei dreiing mot å spreie husdyrgjødsla mest mogleg i vekstsesongen, når plantene gjer best nytte av den. Bruk av tilførselsslangar fører til langt mindre lukt i nærmiljøet, noko folk flest set stor pris på.

Kulturlandskap

I dette temaet finn vi slått og beiting av lokalt viktige kulturlandskap, skjøtsel av bratt areal og drift av beitelag. Kulturlandskapet vårt er prega av drift gjennom slått og beiting. Beitande husdyr er kanskje den viktigaste kulturlandskapspleiaren, og syter i stor grad for å holde kulturlandskapet ope. Færre husdyr på beite fører til attgroing.

Biologisk mangfold

I dette temaet finn vi skjøtsel av slåttemarker, beite av kystlynghei og tilrettelegging av fuglebiotopar. Slåttemarkene er område med biologisk mangfold, som er registrerte med stor verdi, og derfor viktig å ta vare på. Det er tidlegare drift av desse areala, som har gjort dei verdifulle. Kystlyngheiene står i fare for å gro att, fordi det er mindre beiting enn tidlegare. Tiltaket skal stimulere til drift som tek vare på lyngheiene langs kysten. Fleire fuglearta, som hekker i jordbrukslandskapet står i fare for å bli utrydda. Det gjeld Åkerrikse, Storspove, Vipe og Grashoppesanger. Tidlegare slått enn før kan føre til at fuglar omkjem og reir blir øydelagde i slåtten. Fleire fekk i 2014 kompensasjon for å utsette slåtten til etter hekkinga, fordi det var oppdaga hekkande fuglar i enga. Vi håpar det blir fleire slike i åra som kjem.

Kulturmiljø og kulturminne

I dette temaet finn vi tilskot til seterdrift, med og utan foredling av produkt på setra og skjøtsel av gravminne. Vi har fleire setrar i fylket med lange tradisjonar. Desse er ei kjelde til rike natur- og kulturopplevingar, og drifta bidreg til å halde oppe setrane og kulturlandskapet i fjellet. Fleire av setrane tek imot besøk, og tilbyd ulike aktivitetar, osv. Gravminne er gravhaugar så gamle at dei er automatisk freda. Dei gir oss kunnskap om liv og aktivitetar i gammal tid, og det er viktig å stelle desse og ta vare på dei. Gjennom skjøtsel kan dei bli tilgjengelege for folk flest.

Avrenning til vassdrag og kyst

I dette tiltaket finn vi utsett jordarbeiding i korn og eittårig raigras. Tiltaket skal bidra til å forebygge erosjon og redusere faren for erosjon. Utsetting av jordarbeidinga til våren kan bidra til mindre jorderosjon.

Prosentvis fordeling av miljøtilskot mellom miljøtema

Prosentvis fordeling av miljøtilskot mellom miljøtema